Svært roleg for politiet

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Politiet var ute med to patruljar på kvelden 16. mai og natt til 17. mai, men fekk ikkje ei einaste melding på uro eller bråk denne tida.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Politiet registrerte at det var ein del folk ute i Husnes sentrum, blant anna på det rusfrie arrangementet på ungdomssenteret.

– Nokre få ungdommar var samla i Steinparken i Rosendal, men det dårlege vêret gjorde nok at det ikkje var så mange som tidlegare år. Mange natteravnar og foreldre var til stades, fortel Sigurd Børve.

Han vil rosa alle dei vaksne, både dei som var natteravnar og vakter, og dei som arrangerte det rusfrie arrangementet.

– Det er sjeldan det går så roleg og greitt for seg, og vi fekk ikkje eit einaste «avvik». Det er strålande, så stor takk til alle foreldre og vaksne som stilte opp denne kvelden og natta, seier Børve til Kvinnheringen.

Artikkeltags