Mann i 40-åra fekk 26 dagar i fengsel og bot på 75.000 kroner

(Arkivfoto).

(Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Køyrde i narkotikarus.

DEL

Midt på dagen i desember 2016 vart ein mann midt i 40-åra stoppa av politiet påverka av hasj, metamfetamin og amfetamin.

Bilføraren hadde ikkje førarkort då han vart stoppa. Same mann vart òg stoppa i ein kontroll på Gol i august i år, framleis utan gyldig førarkort. Han var også tiltalt for bruk av narkotika i desember 2016.

Les også: Rømde frå bilen etter å ha hamna utfor vegen – politiet mistenker promillekøyring

Aktor la ned påstand om fengsel i 26 dagar og bot på 75.000 kroner, og at han vert frådømt retten til å føra motorvogn for alltid, då saka var oppe i Sunnhordland tingrett.

Den tiltalte erkjente ikkje bruk av hasj, metamfetamin og amfetamin då han vart stopp i bil i desember 2016. Han erkjente å ha brukt hasj og amfetamin, men 2-3 dagar før køyreturen, men trudde ikkje han var påverka då han køyrde bil. Retten fann det bevist at han køyrde med ein rus tilsvarande promille på 0,5.

Retten kom til at mannen får 26 dagar i fengsel og ei bot på 75.000 kroner. Han vert og frådømt retten til å føra motorvogn for alltid. Vedkommande må og betala sakskostnader på 5.000 kroner.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags