Bruk fyrverkeri med varsemd

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 3 år gammel

I morgon er den stor fyrverkeridagen. Bruk det med varsemd, er oppmodinga.

DEL

Uvettig bruk av fyrverkeri fører kvart år til personskader. Ansikt og auge er særleg utsett. Norsk brannvernforening ber difor folk bruka vernebriller ved oppskyting av fyrverkeri nyttårsaftan.

– Fyrverkeri har stor sprengkraft og må handsamast med varsemd. Personar som skal handtera fyrverkeri, bør i tillegg til å vera edru, nytta vernebriller for å unngå alvorlege augeskader, seier administrerande direktør Dagfinn Kalheim i Norsk brannvernforening i ei pressemelding.

Forhandlarar Brannvernforeningen har vore i kontakt med, opplyser at etterspurnaden etter vernebriller aukar. Slike briller følgjer enten med gratis, eller vert seld rimeleg hos forhandlarar av fyrverkeri.

– La oss håpa at auka etterspurnad også fører til auka bruk av vernebriller. Det hadde vore fint å sleppa synet av øydelagde ansikt og alvorlege augeskader i nyhenda første nyttårsdag, poengterer Kalheim.

Han oppmodar og om at folk les bruksanvisninga nøye på fyrverkeriet.

Politiet

I ei pressemelding frå politiet heiter det at 2016 nærmar seg og mange gler seg til å gå inn i det nye året med eit brak. Nyttårsrakettar er et flott skode, men medfører også fare om dei ikkje blir handtert på ein forsvarleg måte. Følg difor følgjande reglar, oppmodar politiet:

– Følg med på vêret. Ikkje skyt opp fyrverkeri i sterk vind eller ved dårlege vêrforhold.

– Førebu fyrverkerioppskytinga i god tid.

– Les bruksanvisninga nøye før bruk.

– Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.

– Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velta.

– Bruk tennstav.

– Sitt på huk, tenn lunta og gå unna.

– Bøy deg aldri over tent fyrverkeri.

– Ikkje tenn fyrverkeri på nytt dersom det ikke tenner ved første forsøk.

– Hald god avstand fra oppskytinga.

– Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

Det er 18 års aldersgrense for kjøp og bruk av nyttårsraketter. Det er totalforbod mot å skyta opp rakettar med styrepinne, medan bakke-rakettar er lov.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags