Gå til sidens hovedinnhold

Etterforskar knivranet vidare: - Han som vart pågripen blir framstilt for varetektsfengsling i løpet av dagen

Artikkelen er over 2 år gammel

Mannen som laurdag vart arrestert etter knivranet i Odda laurdag, blir i dag framstilt for varetektsfengsling.

(Frå Hardanger Folkeblad): - Vi held fram med å etterforske breitt. Han som vart pågripen har vore i eit kort avhøyr og blir framstilt for varetektsfengsling i Bergen i løpet av dagen. No har vi folk ute i gågata for å snakke med folk, seier politioverbetjent Øystein Torsnes ved Hardanger lensmannskontor.

Det var laurdag føremiddag at ein mann rana butikken Safa i Odda sentrum og truga ein ung kvinneleg tilsett med kniv. Gjerningsmannen skal ikkje ha brukt kniven mot jenta, men han slo henne medvitslaus.

Politiet fekk melding om ranet 12.30, og i løpet av ein time hadde dei arrestert det dei trur er gjerningsmannen. Mellom anna på grunn av god vitneskildring av mannen frå ho som vart rana.

Mannen skal vere ein kjenning av politiet og var rusa då han vart arrestert. Det er og gjort funn som knyttar han til ranet.

- Det einaste eg kan seie om det er at vi gjorde beslag under ransaking som styrkar mistanken vår, forklarer Torsnes.

Ønsker tips

Laurdag kveld gjekk Hardanger lensmannsdistrikt ut og etterlyste tips på facebooksida si.

- Har du sett noko eller nokon som kan ha med ranet å gjere, ber vi deg om å ta kontakt med oss på telefonnummer 02800 eller ved å sende ei privat melding til oss på Facebook, skriv lensmannsdistriktet på sin konto på det sosiale mediet laurdag kveld.

- Vi ønsker så mange vitneobservasjonar som mogleg i denne saka. Det er heilt essensielt, sa politibetjent Paul Henriksen ved Hardanger lensmannskontor til HF laurdag kveld.

På Facebook har politiet og lagt ut følgande skildring av gjerningspersonen:

Signalement

  • Mann
  • Ca. 180-185 cm høg
  • Normal kroppsbygnad
  • Mørkegrå jakke (kanskje med hette)
  • Buff/hals
  • Mørk hue
  • Svarte skinnhanskar

Kommentarer til denne saken