Ankesaka startar i dag

Sigmund Gravdal blei funnen drepen i heimen sin på Sandvoll i juli 2013. (Arkivbilde).

Sigmund Gravdal blei funnen drepen i heimen sin på Sandvoll i juli 2013. (Arkivbilde).

Artikkelen er over 3 år gammel

I dag startar ankesaka etter drapet på 65 år gamle Sigmund Gravdal på Sandvoll i 2013. Det skriv Haugesunds avis.

DEL

To kvinner, ei på 37 år og ei på 48 år, var tiltalte for å ha sparka og slått avdøde fleire gonger, mellom anna med øks og hammar. 37-åringen nekta for å ha vore delaktig i dommen, medan 48-åringen innrømte å ha stått bak valden som førte til Gravdal sin død. Ho hevda elles at drapet blei gjort i sjølvforsvar då avdøde skal ha kome med uønskte seksuelle tilnærmingar. Retten fann ikkje tilstrekkelege prov for at 37-åringen skal ha delteke i valden, så ho vart frifunnen då rettssaka gjekk av stabelen i Sunnhordland tingrett. 48-åringen blei dømt til fengsel i 13 år. 48-åringen anka straffeutmålinga ho vart dømt til, medan statsadvokat Trond Høvik anka frifinninga av 37-åringen. Han anka òg frifinninga av 48-åringen for eit hytteinnbrot ho var tiltalt for. Det er sett av to veker til ankesaka.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags