Redningsaksjon utanfor Prestnes

Naudetatane rykte ut då ein båt hamna i fjæresteinane onsdag, og ein mann vart funnen på eit skjer i nærleiken. Foto: Karen Anna Kleppe.

Naudetatane rykte ut då ein båt hamna i fjæresteinane onsdag, og ein mann vart funnen på eit skjer i nærleiken. Foto: Karen Anna Kleppe.

Artikkelen er over 2 år gammel

Alle naudetatar rykte onsdag ettermiddag ut etter at ein mann fall i sjøen.

DEL

Ein båt hamna i fjæresteinane utanfor Prestnes på Kaldestad like etter klokka 14. Alle naudetatar rykte ut til staden, inkludert ambulansebåten.

Ein eldre mann blei funnen bevisst på eit skjer i nærleiken. Sea King-helikopter vart tilkalla. Det skal ha vore vanskeleg å få frakta mannen vekk frå området, og båtar kom ikkje nærme nok. Den nedkjølte mannen blei frakta til Stord sjukehus.

Ei redningsskøyte fekk jobben med å slepa båten vekk frå fjæra, men skadar i skroget gjorde at fartøyet gjekk ned utanfor oppdrettsanlegget Nebbo.

Den ligg no på 150 meters djupne, bekreftar Vest politidistrikt til Kvinnheringen.

- Mannen prøvde å redda seg sjølv. Det var to personar som var ute på eit slepeoppdrag. Då eit tau mellom dei to båtane sleit seg, og båten utan motorkraft dreiv mot fjæresteinane, valde han å hoppa i sjøen for å redda seg. Det var ganske ruskete vêr i området, fortel Tatjana Knappen ved operasjonssentralen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags