Mann enda i drukkenskapsarresten etter høg musikk og festbråk på Sunde

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

DEL

Fredag kveld fekk politiet i Kvinnherad melding om høg musikk og festbråk frå ein leilegheit på Sunde.

Ein patrulje rykte ut og kom i kontakt med eigaren og bad han om dempa seg. Det hadde han ikkje planar om.

Seinare måtte politiet returnera til adressa. Dei tok hand om høgtalarar og lydutsyr, opplyser politiførstebetjent Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor.

Dette gjekk føre seg i fleire omgangar, og eigaren var lite villig til å høyra på råda til politiet. Det enda med at mannen vart teken med og sett i drukenskapsarresten.

Den vaksne mannen har fått klagar for støy tidlegare, og kan venta seg eit førelegg, seier politiet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags