Har du sett denne båten?

Eigaren av denne båten, som forsvann i helga, håpar å få den tilbake. (Foto: Privat).

Eigaren av denne båten, som forsvann i helga, håpar å få den tilbake. (Foto: Privat).

Natt til søndag forsvann ein båt frå Røyrvikvågen nedst i Røyrvik. Også Valen sjukehus sin båt var vekke, før den dukka opp på Stord.

DEL


Ein båt av typen Dromedille With (12 fot) med Mercury-motor er sporslaust forsvunnen. Båten stod i vågen i Røyrvik utanfor Sunde og forvann i helga.

– Eg tvilar på at den er stukke av sjølv, seier ein oppgitt eigar, Geir Øystein Heggøy, til Kvinnheringen tysdag.

Han fortel at båten stod på båtslipp ved sjøen før den forsvann.

– De har ikkje sett eller høyrt noko?

– Nei, ingenting. Eg har snakka med politiet på telefon, men kjem til å melda det ein av dei nærmaste dagane, fortel Heggøy.

Innbrot i naust

Litt nærmare Husnes, i Prestnes, er det også stole verdiar for fleire tusen kroner.

Då Aage Røssland skulle på fiske torsdag, kom han til eit plyndra naust i Prestnes, berre nokre hundre meter i luftlinje frå Røyrvikvågen.

– Dei har sortert ut det med verdi. Det gamle stod igjen. Eg er usikker på kva tid det kan ha skjedd, seier Røssland til Kvinnheringen.

Båt funnen på Stord

Frode Dale la nyleg ut ein Facebook-status der han etterlyste Valen sjukehus sin båt, som var vekke frå plassen sin i vågen nedanfor Eikelyvegen.

Då Kvinnheringen fekk kontakt med Dale, som jobbar ved sjukehuset, var han på veg til Stord for å henta båten.

– Den er komen til rette. Ei halv veke etter etterlysinga tok nokon kontakt og fortalde at den låg på Stord, seier Dale på telefon, på veg til Stord for å henta båten heim att tysdag.

Kvinnherad lensmannskontor opplyser til Kvinnheringen at det ikkje er meldt om andre forsvinningar den siste tida.

Båten til Valen sjukehus, som forsvann nyleg, blei funnen på Rommetveit på Stord. (Foto: Privat).

Båten til Valen sjukehus, som forsvann nyleg, blei funnen på Rommetveit på Stord. (Foto: Privat).


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags