Politiet ber om hjelp etter unormalt mange tjuveri

(Illustrasjonsfoto).

(Illustrasjonsfoto). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Særleg frå Omvikdalen og vidare inn mot Løfallstand har det skjedd urovekkande mange tjuveri den siste tida, fortel politiførstebetjent Torgeir Fosse til Kvinnheringen tysdag.

Han seier det dreie seg om mindre tjuveri av gjenstandar som bensinkanner, fiskeutstyr, syklar og anna, stole frå bedrifter eller båtplassar.

– Vi vil undersøka om omfanget er større enn det vi er kjende med til no. Vi ber derfor om at dei som har mista ting i seinare tid, tar kontakt. Anten på telefon, eller ved å gå inn på politiet.no, der ein kan melda slike tjuveri, seier Fosse.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags