Bil stod og vippa på kant

DEL


Klokka 11:02 melde Vest politidistrikt på Twitter om ein bil som hadde køyrt ut og stod og vippa på ein kant eller ei vegskulder i Rosendal, i nærleiken av Plassaneset ved Skeishagen.

Alle kom seg ut av bilen, men køyretøyet blei ståande og stod i fare for å tippa over kanten.

Ingen blei skadde, ifølgje operasjonssentralen.

– Brannvesenet er på staden. Det er udramatisk. Eitt hjul på bilen er over kanten, skriv politiet klokka 11:16.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags