Lastebil mista hengaren på Halsnøy

Mista hengaren på veg opp Tofte-brekka.

DEL


110 Hordaland melde på Twitter klokka 11:16 torsdag føremiddag at ein lastebil med hengar hadde velta i nærleiken av Sæbøvik.

– Vi har ein patrulje på staden. Det er ikkje meldt om personskade, fortalde Julie Kambe ved Kvinnherad lensmannskontor til Kvinnheringen like etterpå.

Lastebilen sin hengar hamna i grøfta i 50-sona på veg opp Tofte-brekka, like ovanfor Sæbøvik sentrum.

Køyretøyet stod igjen på asfalten.

Bergingsbil er venta til staden i 14-tida. Det er manuell dirigering av trafikken.

Hovudvegen vil bli stengt i ein periode når hengaren skal hentast opp. Politiet opplyser at mindre køyretøy har moglegheit til å bruka den lokale vegen nedanfor for å passera når vegen blir stengt.

Litt over klokka 17 melder Vegtrafikksentralen vest at vegen blir halden open til klokka 18.30. Deretter blir vegen stengd på nytt på grunn av bergingsarbeid. Ifølgje vegtrafikksentralen må det tre bergingsbilar til, og operasjonen kan ta tid.

Les også: Fråteken retten til å køyra bil etter nok ei promillekøyring

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags