Politiet frigir namnet på den omkomne 18-åringen

Det var her ulukka skjedde i natt, mellom KVV og Røsslandslia. Bilen trefte autovernet. Bildet er frå undersøkingane på staden onsdag morgon. Foto: Jonn Karl Sætre.

Det var her ulukka skjedde i natt, mellom KVV og Røsslandslia. Bilen trefte autovernet. Bildet er frå undersøkingane på staden onsdag morgon. Foto: Jonn Karl Sætre.

Det var Jens Emil Tøkje Jacobsen (18) som omkom i ulukka på Opsangervegen natt til onsdag. Han var busett på Valen. Siste: Tilstanden til den andre involverte er kritisk, men stabil.

DEL

Politiet frigir namnet i samråd med familien.

Dei to tenåringane var begge heimehøyrande i Kvinnherad. Det vart sett i gang livreddande førstehjelp på begge to, men livet til den eine stod ikkje til å redda.

Den andre vart først frakta til Stord, og vidare med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus. Han er under behandling og skal vera alvorleg eller kritisk skadd, sa lensmann Sigurd Børve til Kvinnheringen like etter klokka ni onsdag føremiddag.

Klokka 11.30 opplyser Helse Stavanger at pasienten, som er fødd i 1999, er kritisk skadd, men at tilstanden er stabil.

Ulukka skjedde mellom Kvinnherad vidaregåande og Røsslandslia. Vegen er no open igjen.

Kl. 18.00 onsdag kveld vil det bli ei samling i Valen kyrkje. Denne er open for alle som måtte ønskja å koma. Representantar for kommunal kriseleiing og prest vil vera til stades, opplyser Torstein Aarthun.

– Det blir ein stad kor folk kan treffast. Vera saman og preika. Det er mogleg at politiet kjem innom for å gi informasjon om ulukka, seier Aarthun i kommunen si kriseleiing, til Kvinnheringen.

Les også:

Vêret hindra luftambulansen

Ordføraren: – Det verste eit lite lokalsamfunn kan oppleva

Onsdag klokka 18 vil kyrkja på Valen vera open for dei som treng nokon å snakka med. (Arkivfoto).

Onsdag klokka 18 vil kyrkja på Valen vera open for dei som treng nokon å snakka med. (Arkivfoto).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags