Stoppa på Årsnes utan førarkort

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein person i 20-åra, heimehøyrande i Kvinnherad, vart torsdag i 15.30-tida stoppa av politiet på Årsnes.

Politiet reagerte på køyringa til den unge personen, som det viste seg at ikkje hadde sertifikat i orden. Det vert oppretta sak, opplyser Kvinnherad lensmannskontor til Kvinnheringen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags