Fekk saftig bot: Var éin kilometer i timen frå å mista førarkortet

(Illustrasjonsfoto).

(Illustrasjonsfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

UP (Utrykningspolitiet) hadde fredag ettermiddag laserkontroll i 60-sona på Opsangervegen.

Det vart skrive ut 11 forenkla førelegg, opplyser Kvinnherad lensmannskontor:

– Det er nedslåande. Talet er altfor høgt, kommenterer politioverbetjent Stig Dagfinn Tveiten.

Høgaste fart vart målt til 85 kilometer i timen. Dermed fekk føraren, som berre var éin kilometer i timen frå å mista sertifikatet, ei bot på 8.500 kroner, samt tre prikkar.

Same dag var det kontroll i 50-sona i Dimmelsvik, der seks forenkla førelegg vart skrivne ut.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags