Nettplaging kan vera kriminelt

Tysdag var politistudentane Eldar og Christian på Husnes ungdomsskule og snakka med elevane om nettvett.

Tysdag var politistudentane Eldar og Christian på Husnes ungdomsskule og snakka med elevane om nettvett.

Artikkelen er over 3 år gammel

– Ingen likar deg. Gjer oss den tenesta å ta livet av deg.

DEL

Heldigvis er ikkje dette kvardagskost. Men det hender at nokon får slik eller liknande melding på nettet. Det vart dokumentert tysdag då politistudentane Eldar og Christian snakka nettvett med elevane på Husnes ungdomsskule. Til det pedagogiske opplegget deira høyrte ein video som presenterte ein del kommentarar som var snappa opp frå ymse sosiale medium. Dette var ein av dei.

– Heldigvis skjer ikkje dette så ofte, men det rammar desto hardare når nokon opplever slikt, sa politistudent Christian.

– Sei nei!

Politistudentane greidde å formidla at mobbing på nettet kan gjera livet svært utriveleg for den som blir utsett for det – og det er mange.

– Sjølv om innhaldet ikkje er kriminelt, og sjølv om den som legg det ut ikkje synest det er så alvorleg, kan det vera ganske vondt for den som tek imot, formana politistudentane.

Dei hadde eit godt råd til dei som er vitne til at slikt skjer:

– Sei nei, ikkje ver med på det, ikkje støtt hatsider og gi beskjed! Dersom mange nok gjer dette, vil det ha god effekt, oppmoda studentane.

Kriminelt

Noko av det som blir lagt ut kan vera straffbart, til dømes grov mobbing,  grove trugsmål og nakenbilde av born/ungdom under 18 år. Gjer ein seg skuld i denne typen kriminalitet, kan ein lett koma til å angra på.

– Dersom ein får slike ting på rullebladet sitt, kan det få konsekvensar seinare. Ein kan eksempelvis bli utestengd frå fleire yrke og/eller studium, eller ein kan få problem med innreise til visse land, fortalte studentane.

Å leggja ut nakenbilde meinte dei alltid var ein dårleg idé, uansett kven det var av og alder.

– Problemet er at bilda lett kjem på avvegar og blir umoglege å fjerna. Er det nokon her som ville synast det var greitt å ha nakenbilde av seg liggjande på nettet? spurte studenten Christian og såg utover den stillteiande forsamlinga.

Av og til kan det vera vanskeleg å skilja mellom spøk og mobbing. Politistudentane gir dette rådet:

– Set deg inn i den andre sin situasjon og spør deg; toler han/ho dette? Og ville eg tolt det sjølv?    

Mange uttrykk

Studentane gav mange eksempel på kva uakseptabel digital mobbing kan vera. Å spreia usanne rykte, oppretta hatsider, dela bilde utan samtykkje frå den som er avbilda, sjikane, trugsmål, utestenging ved blokkering,

utrivelege utsegn eller uønskte seksuelle kommentarar.

– Tenk på at de skal kunna seia det same ansikt til ansikt med den det gjeld. Det er lettare å skriva stygge ting enn å seia det direkte. Rådet er at de aldri skriv noko de ikkje ville greidd å seia.

Det var SLT-koordinator Veronica Thorkildsen Thorsen som stod bak arrangementet, som vart arrangert for elevane på Husnes ungdomskule. Opplegget har alt vore gjennomført i Rosendal, medan Øyatun står for tur.

– Eit opplegg rundt nettvett vert tilbydd ungdomsskulane kvart år, men tidlegare har berre Husnes takka ja. Derfor er det gledeleg at fleire kjem med i år. Eg er svært fornøgd med opplegget til Eldar og Chris-tian, dei er verkeleg flinke folk, rosar SLT-koodinatoren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags