Roleg påske for politiet

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 4 år gammel

Politiet melder om ein roleg påske, utan dei alvorlege hendingane.

DEL

Litt "småplukk" måtte politiet likevel hanskast med. Natt til langfredag rykte ein patrulje ut til ei privat adresse i Kvinnherad, etter melding om rus, krangling og knuffing mellom ein mann og ei kvinne. Politiet fekk roa ned situasjonen.

På dagtid skjærtorsdag fekk politiet melding om ein rusa person på ein bensinstasjon i Kvinnherad. Vedkommande var ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv, og blei teken hand om av helsepersonale.

På kvelden same dag fekk politiet melding om fleire skot i Husnes-området. Vedkommande som meldte frå antok at det kunne ha med jakta å gjera. Politiet rykte ikkje ut til plassen, og fekk ikkje fleire meldingar om hendinga.

Natt til første påskedag krasja ein bil ved Raudstein, og politiet rykte ut til staden. Det var ikkje mistanke om rus i samband med uhellet, og ingen personskader.

Same natta fekk politiet melding om uro og rus på ei adresse på Husnes. Ein person var rusa og hissig, og kjente vedkommande som budde der, men hadde ikkje sjølv tilhald på adressa. Personen blei køyrt heim av politiet.

Natt til måndag andre påskedag kom ei ny melding om konfliktar og rus på ei privat adresse, men situasjonen løyste seg utan at politiet var involvert.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken