Politiet: – Køyr forsiktig, på enkelte stadar kan det vera svært glatt

Denne Hiace-en fekk trøbbel på glatta på veg mot Valen frå Sandvoll. (Foto: Kvinnheringen-tipsar).

Denne Hiace-en fekk trøbbel på glatta på veg mot Valen frå Sandvoll. (Foto: Kvinnheringen-tipsar).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det har kome ein del snø i Kvinnherad i løpet av natta, og det er meldt ganske kaldt i dagane som kjem. Politiet seier det sjeldan er alvorlege ulukker på dette føret, og trur folk tar omsyn fordi dei ser at det kan vera glatt.

– Vi oppmodar folk om å køyra etter forholda, og vera spesielt obs på plasser der det er trongt og ein kan møta andre bilar. Det er i møteuhell at skadepotensialet er ekstra stort, seier politiførstebetjent Torgeir Fosse til Kvinnheringen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags