Gå til sidens hovedinnhold

Viking Fjord melder svart sal av laks til politiet

Artikkelen er over 2 år gammel

Det har lenge gått rykte om ulovleg sal av laks frå Viking Fjord på Sunde. Kvinnheringen har gjentatte gonger forsøkt å få nokon i selskapet i tale, utan å lukkast.

Torsdag kom pressemeldinga som bekreftar rykta.

Viking Fjord AS er kjend med at det over lengre tid har funne stad ulovleg, svart sal av laks frå slakteriet på Sunde i Kvinnherad, melder styreleiar Gerhard Meidell Alsaker i pressemeldinga torsdag ettermiddag.

– Selskapet ser svært alvorleg på saka. Undersøkingar har så langt avdekka at det over tid er eit betydeleg kvantum laks som er seld mot kontant betaling. Omsetnaden er halden utanfor selskapet si bokføring gjennom manipulering av selskapet sitt datasystem, og har derfor heller ikkje vorte momsberekna, står det i meldinga.

Vidare står det at selskapet sin tidlegare slakterisjef har erkjent høvet. Han slutta på dagen då dette blei kjent.

Viking Fjord AS har no meldt saka til politiet.

– Selskapet håpar at politiet si etterforsking vil gje oversikt over omfanget av ulovleg omsetnad, og at tidlegare slakterisjef, og eventuelt andre som kan ha gjort straffbare handlingar, blir stilt til ansvar for dette, står det vidare.

– Viking Fjord AS har sett i verk tiltak for å sikra at ulovleg sal frå slakteriet ikkje skal kunna skje igjen. Selskapet si verksemd går som normalt, trass uroen og belastninga saka har påført organisasjonen.

Hans Helge Vik er konstituert som ny dagleg leiar. Vik ønsker ikkje å kommentera saka overfor Kvinnheringen torsdag.

Kommentarer til denne saken