Ber folk komma med forslag til kandidatar

Det eksisterande Eldrerådet, med Sverre Vevelstad (nr. tre frå venstre) som leiar, skal snart bli byta ut med eit nytt. No ber kommunen om hjelp til å finna kandidatar til dette rådet og til Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Det eksisterande Eldrerådet, med Sverre Vevelstad (nr. tre frå venstre) som leiar, skal snart bli byta ut med eit nytt. No ber kommunen om hjelp til å finna kandidatar til dette rådet og til Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Foto:

– Då det er kome inn få forslag til representantar, oppmodar vi med dette lag og organisasjonar til å koma med kandidatar, seier Mette Cecilie Sandvik.

DEL

I samband med kommunevalet skal det bli valt nye medlemmer til Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Som Kvinnheringen nyleg skreiv, føreslo kommunedirektøren å slå desse to råda saman, då kommunelova no opnar for det. Råda sjølve ønskjer ikkje dette, og viser til at dei jobbar med ulike problemstillingar.

Formannskapet vedtok difor at råda skal få ein sjanse til å finna nok medlemer til å bestå slik dei er i dag. Denne jakta på medlemer er no i full gang, og Mette Cecilie Sandvik, som er sekretær i begge råda, oppmodar folk til å koma med forslag til kandidatar innan 9. februar.

– Forslaga kan koma frå lag og organisasjonar, frå privatpersonar eller frå kandidatar sjølve. Det som er viktig å hugsa på, er at den nye kommunelova krev at kandidatane sjølv skal gi skriftleg samtykke til at dei vil stilla. Dette må forslagsstillarane henta inn, fortel Sandvik.

Får med sekretær

I kvart råd skal det sitja fem faste medlemer og fem varamedlemer. Råda skal ha møte fire gonger i året. Det er kommunestyresaker som er førande for sakene til råda, men dei kan òg ta opp eigne saker.

– Eg blir med råda som sekretær, så innkalling, referat, møteprotokoll og slike ting treng dei ikkje tenkja på, seier Sandvik.

Råda sjølv peiker ut leiar og nestleiar, og kvart kjønn skal vera representert med minst 40 prosent. Medlemene i komiteen får godtgjering etter dei ordningar som til ei kvar tid gjeld.

– Det er fint om laget/organisasjonen kan gje ei kort grunngjeving for kandidaten som blir meld inn, seier Sandvik, som håpar på mange innspel.

Mette Cecilie Sandvik er sekretær for råda, og tar seg av innkalling, referat, møteprotokoll og anna. Foto: Privat

Mette Cecilie Sandvik er sekretær for råda, og tar seg av innkalling, referat, møteprotokoll og anna. Foto: Privat

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags