Fann to millionar til Folgefonnsenteret

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Rådmannen var i tvil, men det var ikkje formannskapet som samrøystes vedtok å auka løyvinga til Folgefonnsenteret.

DEL

Etter anbodsopninga har Folgefonnsenteret fått ein prislapp på 27.970.000. Det er 4,5 millionar meir enn det som ligg inne i finansieringa. Kvinnherad kommune sin del av kostnadane er sju millionar kroner.

Styringsgruppa for prosjektet vil fri til dei ulike bidragsytarane og be om at dei går ut og inviterer andre investorar til å delta i prosjektet, slik at det kan bli fullfinansiert.

Vidare har styringsgruppa bedt om at Kvinnherad kommune aukar sitt bidrag med to millionar. Rådmannen har vore i tvil på grunn av kommunen sin økonomiske situasjon, men rådde til slutt politikarane om å auka løyvinga. Det rådet tok formannskapsmedlemene som samrøystes vedtok at kommunen aukar lånegjelda si med to millionar og aukar sin del av finansieringa med inntil to millionar.

— Kommunen sitt bidrag til Folgefonnsenteret vert no ni millionar. I tillegg kjem verdien på tomta som er stilt vederlagsfritt til disposisjon og har ein verdi på ein million, understreka Knut Prestnes då formannskapet hadde saka på bordet sist veke.

Leif Sverre Enes (H) meinte det var eit godt vedtak formannskapet hadde gjort i denne saka.

Arve Opsanger (Ap) som har vore leiar av styringsgruppa for Folgefonnsenteret, fekk ros for jobben han har utført.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags