Ville vita meir om ambulansekai på Ranavik

I formannskapet sin spørsmålsrunde ville Gretha Rød (Ap) vita meir om ambulansekai på Ranavik.

DEL


– Det vart litt forvirrande i kommunestyremøtet nyleg. Kven har bede om denne kaien – det er ikkje Helse Fonna. Kva er planen og kven betalar?

Hilde Enstad (Ap) utfordra ordføraren på rett saksbehandling for endringar i det politiske reglementet. I sist kommunestyremøte sa Slettebø at han ville strama inn spørsmålsrunden på ymse vis og innføra taletid. Enstad meiner at slike endringar må avgjerast av kommunestyret, og undra på kva heimel ordføraren hadde til å endra reglar på eiga hand.

Slettebø lova skriftlege svar på begge spørsmål ved seinare høve.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags