Myrvold skal vera med og granska Nav-skandalen

Ordførar Hans Inge Myrvold (Sp) bytar ut rådhuset med Stortinget frå januar av og fram til påske. Her skal han sitja i kontroll- og konstitusjonskomiteen, og får i fanget saka om at fleire tusen trygdesaker kan vera feilbehandla, og uskuldige dømt, fordi Nav har tolka EØS-reglane feil.