Full retrett i turistinfo-saka

DEL


Som kjent vart det heilomvending då formannskapet behandla budsjettvedtaket (eit verbalpunkt) om å – «utan opphald» – konkurranseutsetja turistinformasjonen som held hus i Folgefonnsenteret.

Då saka var føre i kommunestyret torsdag kveld, prøvde Kai Morten Torget (Frp) seg med å gå inn for rådmannen si pliktoppfyllande og grundige innstilling om å starta ein prosess i saka. Dette førte til at ordføraren repliserte med «De kan spøke, de!» til Torget.

Mot Frp sine tre røyster vart det som ventande 32 røyster for at turistinfoen ikkje skal konkurranseutsetjast, men at Rådmannen skal utarbeida ei sak om turistinfo-arbeidet, og omfanget av dette.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags