Slik ser samarbeidsavtalen til posisjonen ut

Dei raudgrøne legg no fram samarbeidsavtalen sin. Her frå valnatta i rådhuset.

Dei raudgrøne legg no fram samarbeidsavtalen sin. Her frå valnatta i rådhuset. Foto:

Dei raudgrøne partia har no lagt fram samarbeidsplattforma si, plattforma som skal danna grunnlaget for samarbeidet, budsjettprioriteringane og saker i den inneverande perioden.

DEL

I ei pressemelding lanserer posisjonen, beståande av Sp, Ap og SF, samarbeidsavtalen som mange har etterspurt etter valet.

– Vi hadde gode diskusjonar i etterkant av valet, uttalar Leif Ove Mikkelsen (Ap) i pressemeldinga, og held fram:

– Dette la grunnlaget for eit tillitsfullt samarbeid og ei plattform der alle fekk setja sitt preg på ulike saker – og der det var svært mykje vi var einige om utan vidare. Ap er særleg nøgd med fokuset på trafikktryggleik/samferdsle og næringsliv, samt at vi har lagt rammene for ein offensiv arbeidslivs- og arbeidsgjevarpolitikk, t.d. er hovudverneombod i full stilling allereie på plass.

– Dette tyder ikkje at plattforma inneheld alt vi har tenkt å få til i perioden, presiserer Gunnar Våge (Sp) i pressemeldinga.

– Dette er først og fremst dei sakene som vi ønskte å få inn i ein avtale. Det er klart det er mange andre saker som er viktige, og mange saker som vil koma opp i løpet av perioden. Men med plattforma som ein grunnmur for samarbeidet trur vi at vi vil kunna ha gode prosessar og koma fram til gode løysingar også i andre saker. Sp tykkjer punkta om forvaltning og næring er blitt veldig bra.

Og representanten for SF, Hege Lægreid Røssland, uttalar dette:

– Ei slik plattform tyder ikkje at vi trur vi vil klara å gjennomføra alt som står. Ein del ting blir å betrakta som målsetningar, og så får folket måla oss på kva vi har klart og kva vi ikkje har klart, når perioden går mot slutten. Men enkelte ting har vi allereie gjennomført. Vi i SF er særleg glade for at vi alt no skal få la sosialhjelpsmottakarar beholda barnetrygda, eit lite, men viktig tiltak for å minska forskjellane og motvirka fattigdom. Alle partia var einige om ein offensiv klima- og miljøpolitikk.


Slik er avtalen i sin heilskap:

Skule og oppvekst:

Kvinnherad-skulen gjev eit godt tilbod over heile kommunen. Samarbeidspartia ynskjer å ha ei aktiv rolle i høve til innhald og kvalitet i skule og barnehage. Dette er også med på å gjera kommunen attraktiv for tilflyttarar.

• Samarbeidspartia vil løfta prosjektet «Oppvekstkår» knytt til born og unge i kommunen.Prosjektet skal omhandle alle fagområde, tenester og tilbod som kommunen i dag har.Det skal greiast ut at alle i grunnskulen skal få eit dagleg måltid.Vi vil òg få utgreidd korleis ein heildagsskule kan sjå ut, og kva dette vil kosta

• Blant områda som vil bli ein del av prosjektet, er: Barnehage, grunnskule, kulturskule, helsetenester, fritidstilbod

• Prosjektet kan løftast som ein kommunedelplan dersom det er hensiktsmessig. Prosjektet skal legga grunnlag for tiltaksplan

• Samarbeidspartia vil at kommunen skal engasjera seg for Kvinnherad vidaregåande skule: Oppretthalda dagens linjer, samarbeid med fylkeskommunen om nye linjetilbod


Samferdsel:

For ein langstrakt utkantkommune er samferdsel eit særleg viktig område. Mykje bra har skjedd her dei siste periodane. Den politiske leiinga skal halda fram å vera ein pådrivar i samferdslesaker. Samarbeidspartia vil:

• Følgja opp Kvinnherad-pakken

• Jobba med trafikktryggleik

• Engasjera seg i forbetring av bussrutene

• Jobba for ekspressrute snøggbåt Sunde-Bergen, i framtida til Os

• Vidareføre arbeidet med Fjelbergsambandet


Kvinnherad-Stord

Samarbeidspartia vil jobba vidare med å finna føretrekt ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord, på kort og lang sikt. Dette vil omfatta utgreiing av Sunde ferjekai som eitt alternativ. På kort sikt skal reisetider og andre føremoner og ulemper samanliknast med dagens situasjon med ferje Ranavik-Skjersholmane

Arbeidet skal leiast av politisk arbeidsgruppe, i tett dialog med Vestland fylke

På lenger sikt vil samarbeidspartia jobba for Sunnfast, subsidiært innkorting av ferjesambandet


Sosialpolitikk

Samarbeidspartia vil jobba for å redusera forskjellar og utanforskap.

• Barnetrygda skal haldast utanfor inntektsgrunnlaget når ein søker om sosialhjelp.

• Følgj opp barnefattigdomsprosjektet

• Vurdere husleigesatsane og husleigepolitikken til kommunen på nytt

• Ein vil vurdera å utarbeida ein kommuneplan for integrering

• Leige-eige-prosjekt for unge i etableringsfasen Rosendalsområdet


Forvaltning

Kvinnherad skal vera ein ja-kommmune: Ja til jordvern, ja til betre planar, ja til planstyrt utvikling, ja til tettare samarbeid mellom utbyggjarar, politikarar og administrasjon.

• Vi skal i størst mogleg grad bevara matjord. Dersom matjord må byggjast ned, så skal det etablerast erstatningsjord

• Vi vil jobba for å leggja ut kommunale bustadtomter i pressområde

• Rekkjefølgjekrav skal følgjast og handhevast likt for alle

• Fullføringa av den nye kommuneplanen (arealdelen) vil vera høgt prioritert

• Setja av areal til framtidig industri og næring, m.a. med tilgang til sjø

• Samarbeidspartia vil jobba vidare med samfunnsdelen «Kvinnherad 2050»


Arbeidsgjevar- og arbeidslivspolitikk

Samarbeidspartia ynskjer å visa ei aktiv og konstruktiv rolle som arbeidsgjevar. Dei tilsette skal bli møtt av ein seriøs og inkluderande arbeidsgjevar. Dei skal bli høyrde og få høve til å medverka i viktige prosessar. Difor vil samarbeidspartia:

• Ha eit aktivt administrasjonsutval

• Ha hovudverneombod i 100% stilling

• Arbeida for å redusera sjukefråværet

• Arbeida for ein heiltidskultur i kommunen

• Utarbeida kompetanseoversikt og kompetansehevingsplan

• Prioritera å ha fleire lærlingar. Målet skal vera 2 pr. 1000 innbyggjarar

• Setja i verk ei tillitsreform. Betre kontakt mellom politisk nivå og organisasjonen

• Styrka trepartssamarbeidet

• Stilla krav til arbeidsvilkår og ryddige forhold i samband med innkjøp. Ta i bruk Telemarksmodellen eller tilsvarande


Klima og miljø

Kvinnherad skal vera ein kommune som går føre i klima-, energi- og miljøspørsmål. Dette gjeld i høve klimaavtrykket av eiga verksemd, det gjeld i planarbeid og som tilretteleggjar i samfunnet, og det gjeld i høve å inspirera og leia Kvinnherads-samfunnet i miljøvenleg retning. Vi vil få utgreidd ein eigen klima- og miljøplan. Her ynskjer samarbeidspartia bl.a. å sjå på:

• Skjerpa klimakrav til nye kommunale bygg. Alle større bygg skal ha som mål å vera plusshus

• Solcellepanel bør utgreiast på alle nye bygg

• Klima- og energi skal stå i fokus ved rehabilitering av gamle bygg

• Styrkt planmessig styring av utbygging i strandsonen

• Utarbeida mandat og retningslinjer for investeringsutvalet, med høge krav til etikk og berekraft. Vurdera annan profil på investeringane

• Framleis jobba for hydrogenproduksjon i Kvinnherad

• Klimatiltak i landbruket

• Forbetra avfallshandtering og kjeldesortering i kommunen

• Arbeida for å fremma lukka oppdrettsanlegg

• Halda fram omlegginga til utsleppsfrie køyretøy

• Styrka samarbeid med Folgefonnsenteret

• Halda fram arbeidet mot vindkraft i Kvinnherad, og samarbeida med andre kommunar


Næring og arbeidsplassar

Kommunen er ein viktig aktør for næringsutvikling. Samarbeidspartia vil utvikla kommunen si rolle som tilretteleggjar for eksisterande og ny næring. Eit samla kommunestyre har tidlegare styrka næringsarbeidet, bl.a. med tilsetjing av næringssjef. Samarbeidspartia vil følgja opp dette arbeidet og blant anna.:

• Arbeida vidare for å fremja regionssenter Husnes, jobba aktivt og målretta for etablering av nye regionale og statlege arbeidsplassar

• Ha politisk leiing tilgjengeleg på regionssenteret med jamne mellomrom

• Heia på det lokale næringslivet

• Fremma reiselivsnæringa

• Styrka samarbeidet med nabokommunane på arbeidsmarknadsområdet

• Utvikla næringsareal

• Styrka samarbeidet med Kvinnherad Næringsservice. Politisk leiing må møta næringslivet


Kultur, idrett, inkludering og friviljuge

I ein landkommune som Kvinnherad er dei friviljuge organisasjonane essensielle. Inkludering og aktivitet motverkar utanforskap og styrkar folkehelsa – både fysisk og psykisk. Kultur- og aktivitetstilbod er med på å gjera kommunen attraktiv å bu i. Kommunen skal bl.a. byggja og driva idrettsanlegg og kulturskule, men han skal også vera ein medspelar for det frivillige livet. Samarbeidspartia vil bidra til eit mangfaldig, heilskapleg og inkluderande kultur- og idrettstilbod, med særleg fokus på born og ungdom. Blant tiltaka er:

• Fullfinansiering av Kvinnherad Arena

• Vidareutvikle kulturtilbodet, med blant anna øvingscontainer fleire stader i kommunen

• Auka medvit om museum og lokalhistoriske stader i kommunen

• Reetablera ungdomsklubbar

• Bokbusstilbodet må koma på plass, snarast råd

• Styrkja biblioteket som møteplass og arena for inkludering, læring og debatt

• Styrkja det organiserte fritidstilbodet, som ein naturleg del av skulekvardagen

• Oppretta kommunalt fond som forskotterer tippemidlar

• Alle skal ha tilgang på gode tursti- og friluftsområde


Helse og omsorg

Helse og omsorg er ein viktig sektor for innbyggjarane i Kvinnherad. Mange personar er avhengige av desse tenestene pga. alder, fysisk og psykisk sjukdom eller funksjonshemming. Eit godt tenestenivå med omsyn til kapasitet og kompetanse vil bidra til betre livskvalitet og verdigheit for den einskilde, uavhengig av alder. Samarbeidspartia erkjenner at det er utfordringar i tenesta og vil arbeida aktivt for å sikra gode tenester til innbyggjarar frå fødsel til ei verdig avslutning av livet. Aktuelle tiltak er blant anna.

• Styrka helsesjukepleiar-tenesta til barn og ungdom, med møtestader som skule og ungdomssenter

• Sikra kapasitet og stabilitet i legetenesta

• Greia ut om kommunen tek i vare funksjonshemma sine rettar og sikrar gode levekår

• Ta i bruk velferdsteknologi, Kvinnherad må vera oppdatert og implementere ny teknologi som gagnar tenestene

• leggja til rette for etablering av seniortun

• Leggja fram sak om kjøken og middagslaging ved institusjonane

• Fokusera på førebyggjande helsearbeid

• Gjera forsøk med auka grunnbemanning

• Fasa ut bruk av vikarbyrå og oppretta ein kommunal vikarpool

Det skal vere trygt å bli gamal i Kvinnherad. Derfor vil vi gjennomføra eit heiltidsprosjekt som vil styrka omsorgssektoren for mottakarane av tenestene både i kvalitet, kontinuitet og føreseielegheit.


Økonomi

Samarbeidspartia vil ivareta ein sunn kommuneøkonomi, der vi ikkje brukar for mykje av kommunen sine fond, men der vi heller ikkje driv så stramt at det går ut over utviklinga i kommunen.

• Eigedomsskatten skal revurderast. Ein vil vurdera å retaksera i 2020, med verknad frå 2021. Samtidig skal det greiast ut om skatten skal gjerast meir progressiv

• Vurdera bufferfondet og kraftfondet sitt mandat

• Prioritera lovpålagte oppgåver og gjennomgå ikkje-lovpålagte oppgåver

• Realistiske drifts- og vedlikehaldsbudsjett


Styring

Samarbeidspartia ynskjer å styrkja lokaldemokrati og medverknad. Politiske prosessar skal vera opne og transparente. Vedtak og tiltak skal vera basert på skikkelege utgreiingar og seriøse prosessar somer eigna til å skapa tillit mellom folket, kommunen sine tilsette, administrasjonen og politikarane. Ordføraren skal ha ein open kalender som alle kan slå opp i på kommunen si nettside. Dette gjer det lettare å koma i kontakt, samtidig som det gjev innsyn i kven ordføraren møter.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags