Kor blir det eigentleg av bokbussen?

Den gamle bokbussen blei teken ut av drift tidleg i år. Den nye lar venta på seg.

Den gamle bokbussen blei teken ut av drift tidleg i år. Den nye lar venta på seg. Foto:

Det nærmar seg eitt år sidan ein ny bokbuss eigentleg skulle ha vore på vegen.

DEL

Ove Lemicka (Frp) spurde kommunedirektøren kva som eigentleg skjer med bokbussordninga i kommunen. Den gamle bokbussen blei teken ut av drift i februar/mars, og den nye er enno ikkje levert. Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik orienterte.

– Det stod i kontrakten at bokbussen skulle bli levert 31/12-18. Det er snart eitt år sidan. Det står ikkje på at vi ikkje purrar, sa Bjerkvik.

Det var berre éin leverandør som kom med tilbod den gongen kommunen lyste ut ny bokbuss. Og Bjerkvik fortalde at leverandøren har eit godt renommé blant dei som har kjøpt bokbuss derfrå tidlegare, men at køen er lang.

– Eg har vore inne på å avlysa heile greia, men det sett oss jo berre tilbake i tid. Så det er heller ikkje nokon god løysing. Eg trur og håpar at vi nærmar oss noko no, sa ho.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags