Inviterer til opne møter

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Kvinnherad Senterparti har starta arbeidet med nytt politisk program i høve kommunevalet neste haust.

Til dette arbeidet vil ein skipa tre opne møter med tittelen «Skråblikk på Kvinnherad», står det i ei pressemelding frå partiet.

Målet til partiet er å få innspel til det vidare arbeidet. Tema for dei ulike møtene blir kommunal forvaltning, næringsliv og arbeidsplassar og frivilligheit, kultur og lag- og organisasjonsliv.

Første møte vert i Uskedalen tysdag 16. oktober hos Elins Matgleder.

Dei to andre møtene vert på Husnes i november og Halsnøy i desember.

Til det fyrste møtet i Uskedalen er Bjørn Olav Tveit og hovudtillitsvalde i Kvinnherad kommuneinviterte for å setta sine skråblikk på Kvinnherad.

Ein vil opna opp for spørsmål og meiningsutvekslingetter innleiingane.Ein treng ikkje vera medlem av Senterpartiet for å delta. Møtene er opne for alle somynskjer å delta, skriv partiet.

Ove Lemicka innstilt som Frp sin ordførarkandidat

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags