Medlemsmøtet i Kvinnherad Frp har valt å innstilla Ove Lemicka som ordførarkandidat til nominasjonsmøtet i desember.

Lemicka har i noverande periode gjort ein særs god jobb som gruppeleiar for partiet, heiter det i ei pressemelding. Medlemmane på medlemsmøtet er difor trygge på at han også vil gjera ein god jobb som ordførarkandidat og gruppeleiar for kommande val.

Medlemsmøte var samstemd i avgjersla, står det vidare.