Ladelåsing av ferjestø

DEL


Gretha Rød (Ap) spurde ordføraren om ein snarast kan få ei sak om plassering av ferjestø, før bygging av ladestasjonar låser debatten for lang tid framover?

– Det verste er jo å bli låst til Ranavik–Skjerholmane-sambandet, sa Rød mellom anna.

Ordføraren var i det vittige hjørnet:

– Utåker–Sagvåg ville vore verre.

Etter at låtten hadde lagt seg, svara han seriøst:

– Me har formidla at vi ønskjer at ladepunkt må kunna flyttast, men fylkeskommunen har sett i gang prosessen sidan det ikkje ligg føre alternativ. Sunde–Jektevik er ikkje aktuelt sidan det ikkje gir innsparing i reisetid, og kaien på Jektevik vil krevja ei utbygging til 250 mill. Men me vil koma attende med ei sak der kommunestyret skal ta stilling til ferjesamband.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags