Er du mellom 14 og 18 år og gira på å påverka lokalsamfunnet ditt?

Kulturrådgjevar Anita Lykkja (t.v.) og SLT-koordinator Heidi Bolette Jakobsen håpar mange ungdomar tar turen til ungdomskafé etter vinterferien for å få vita mer om det komande ungdomsrådet.

Kulturrådgjevar Anita Lykkja (t.v.) og SLT-koordinator Heidi Bolette Jakobsen håpar mange ungdomar tar turen til ungdomskafé etter vinterferien for å få vita mer om det komande ungdomsrådet. Foto:

– Då må du koma på ungdomskafé for å høyra meir om det nye ungdomsrådet!

DEL

Oppmodinga kjem frå kulturrådgjevar Anita Lykkja og SLT-koordinator Heidi Bolette Jakobsen. Dei to er kommunen sine representantar i prosjektgruppa for oppretting av ungdomsråd, eit råd som no er rett rundt hjørnet.

– Ungdomsråd er blitt lovpålagde frå sentralt hald, det er nedfelt i kommunelova. Ei prosjektgruppe har jobba med å førebu lovar og reglar, framgangsmåte og slike ting. Gruppa består i hovudsak av ungdomar, og det er dei som har bestemt det meste. Vi to er mest med til støtte og rådgjeving, forklarer dei to.

Ungdomane i prosjektgruppa er Andreas Ølvestveit, Hanna Tvilde, Kaia Vangsnes Matre, Gunnar Hestad og Oskar Kaldestad. Jakobsen og Lykkja skryter av engasjementet deira, og av alle problemstillingane dei har løfta fram i prosessen.

– Dei har mellom anna peikt på kor viktig det er at rådsmedlemane skal ha ein eigenmotivasjon og engasjement. Difor startar vi med å arrangera to ungdomskafear – éin i Rosendal den 4. mars og éin på Husnes den 6. mars. Her håpar vi mange tar turen for å få høyra meir om kva ungdomsråd er for noko, seier Jakobsen.


– Viktig sak

Etter kafékveldane er håpet at ungdomane som vil vera med i rådet sender inn ein skrifteleg søknad. Neste post på programmet er ein ungdomskonferanse på Husnes den 21. mars.

– På denne konferansen blir sjølve valet halde, så her håpar vi at vi kan få til nokre innlegg frå dei som stiller som kandidatar, i tillegg til at vi håpar det kan bli ein stad der ein kan løfta fram viktige saker som kan bli aktuelle for ungdomsrådet, forklarer Lykkja.

Valet som blir gjort på ungdomskonferansen skal føra til ei innstilling til kommunestyret, som har møte den påfølgande veka. Det er kommunestyret som gjer det endelege vedtaket.

– Det prosjektgruppa ønskjer, er at rådet skal bestå av både gutar og jenter. Helst sju faste medlemar og sju varamedlemar. Rådet skal vera eit medverknadsorgan som skal sikra at ungdomane blir høyrde i viktige saker. Og dei same reglane som gjeld for andre råd gjeld også for ungdomsrådet, også når det kjem til at ein har rett på møtegodtgjersle og gyldig fråvære frå skulen, forklarer Jakobsen.

Lykkja legg til:

– Spør du meg er dette ein av dei viktigaste sakene vi har på det politiske sakskartet i Kvinnherad i år. Endeleg skal ungdomen bli høyrde på skikkeleg!


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags