Vil ha svar frå fylkeskommunen

Synnøve Solbakken vil ha svar på kvifor det ikkje har skjedd noko med busstoppsaka i Porsvik.

Synnøve Solbakken vil ha svar på kvifor det ikkje har skjedd noko med busstoppsaka i Porsvik.

I førre veke skreiv Kvinnheringen om ungdommane i Porsvik som står utan eit skikkeleg busstopp. No vil Synnøve Solbakken ta saka vidare.

DEL


I ein e-post til Kvinnheringen skriv Synnøve Solbakken (Ap) at ho skal i møte med fylkesutvalet 30. august, og at ho i det høvet har sendt spørsmål til fylkesordføraren med omsyn til det manglande busstoppet på riksveg 48 ved Porsvik.

Vidare skriv ho at det er første gong ho høyrer om saka, det etter 20 år i politikken.

Av fylkeskommunen ønskjer Solbakken å få svar på kvifor det ikkje har skjedd noko i saka, og kva fylkeskommunen har planar om å gjera for å sikra skulevegen til dei om lag 15–20 elevane i Porsvik.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags