Posten til Coop Extra

Frå då Coop Extra opna dørene på Husnes september 2014. (Arkivbilde).

Frå då Coop Extra opna dørene på Husnes september 2014. (Arkivbilde).

Artikkelen er over 4 år gammel

Coop bestemte seg for å leggja ned butikkdrifta i Rimi-lokalet. No tek dei Post i butikk med seg til Coop Extra.

DEL

For litt sidan skreiv Kvinnheringen at butikkdrifta i lokalet som Rimi ligg i, vil bli lagt ned i løpet av august. Det skjer etter at Coop tok over drifta i samband med oppkjøpet av Ica Norge. No ser det ut som om Coop er i ferd med å få klarsignal frå Posten til å flytta Post i butikk til den eksisterande Coop Extra-butikken på Husnes.

– Det krev at Posten har godkjent den nye lokasjonen, svarar pressekontakt i Posten, John Eckhoff, på spørsmål om Coop kan flytta Post i butikk som dei vil etter overtakinga. Så langt Kvinnheringen kjenner til, er ikkje Coop Extra-lokalet godkjend av Posten endå. Men det er grunn til å tru at Coop vil gjera det som er naudsynt for å flytta Post i butikk.

– Det er mogleg at vi i ein overgangsfase vil drifta Post i butikk frå Rimi sitt gamle lokale inntil Coop har fått tilrettelagt plass, meldar Lise Mette Kjellberg i Coop, til Kvinnnheringen. Det vil med andre ord seie at  Post i buikk kan bli verande i det som i dag er Rimi i ein periode også etter nedlegginga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags