Folkeopplysning om psykisk helse

FOLKEMØTE: Arrangementsgruppa planlegger neste møte på programmet den 5. februar som skal handla om demens.

FOLKEMØTE: Arrangementsgruppa planlegger neste møte på programmet den 5. februar som skal handla om demens.

5. februar vil det vera eit informasjonsmøte om demens i biblioteket på Husnes.

DEL

– Målet vårt er å bidra til folkeopplysing og snakka om tema som er tabubelagte, seier Marie Schille i arbeidsgruppa for opne informasjonskveldar i Kvinnherad.

5. februar er temaet på informasjonsmøtet demens. Gjesteførelesar og ekspert innan fagområdet, Aslaug Hellsøy, fortel at dette er eit tema der både den ramma og pårørande ofte opplever mykje skam:

– Dette er noko mange må leva med, og barn heilt ned i barneskulen kan vera pårørande. Det er viktig å få snakka om det og visa at det er mange i same situasjon.

Oppstart

Publikumsføredraga har sidan hausten 2016 blitt haldne på biblioteket to gonger i halvåret, og eit nytt tema blir presentert kvar gong. Tidlegare har det vore møte med tema som «skeiv» kjærleik, angst og depresjon, rus og personlegdomsforstyrring. Seinare i vår er det «Å eta elefantar» – ei mor sitt møte med helsevesenet, som står for tur.

– Temakveldane er todelte. Det vil først vera eit innlegg av ein erfaringsformidlar, etterfølgd av eit fagleg innlegg, seier Trude Hege Bergesen frå Kvinnherad bibliotek.

Arrangementsgruppa ønsker å formidla at møtet skal vera raust og det er rom for at folk i salen skal kunna dela erfaringane sine og stilla spørsmål.

Det er også lagt inn pausar, slik at dei som ønsker kan stilla spørsmål direkte til føredragshaldar.

Populært

Temakveldane er eit prosjekt med innspel frå representantar i Mental Helse Kvinnherad, Læring og meistringssenteret i Helse Fonna (LMS) og Kvinnherad kommune. Tiltaket har vore veldig populært, og på ein del av møta har så mange som over hundre personar møtt opp.

Arrangementsgruppa har representantar frå fleire organisasjonar, blant anna Mental Helse Kvinnherad, Lærings- og meistringssenteret i Helse Fonna (LMS) og Kvinnherad kommune. Frå venstre ser vi  Sjur Tjelmeland (Mental Helse Kvinnherad), Margunn Anita Erdal (Mental helse Kvinnherad), Marie Schille (LMS), Geir Ove Fosse (Eining for Aktivitet, læring og meistring, Kvinnherad kommune), Trude Hege Bergesen (Kvinnherad bibliotek, Kvinnherad kommune), Aase Borgen Haktorson (Mental Helse Kvinnherad og LMS) og 
gjesteforelesar Aslaug Hellesøy (Demensteamet i Kvinnherad kommune). Wenche Evensen (Mental Helse Kvinnherad) var ikkje til stades under bildetakinga.

Arrangementsgruppa har representantar frå fleire organisasjonar, blant anna Mental Helse Kvinnherad, Lærings- og meistringssenteret i Helse Fonna (LMS) og Kvinnherad kommune. Frå venstre ser vi Sjur Tjelmeland (Mental Helse Kvinnherad), Margunn Anita Erdal (Mental helse Kvinnherad), Marie Schille (LMS), Geir Ove Fosse (Eining for Aktivitet, læring og meistring, Kvinnherad kommune), Trude Hege Bergesen (Kvinnherad bibliotek, Kvinnherad kommune), Aase Borgen Haktorson (Mental Helse Kvinnherad og LMS) og gjesteforelesar Aslaug Hellesøy (Demensteamet i Kvinnherad kommune). Wenche Evensen (Mental Helse Kvinnherad) var ikkje til stades under bildetakinga.

– Biblioteket er ein nøytral plass, og alle er inviterte til å delta. Det er viktig at vi kan snakka om vanskelege ting som mange menneske opplever i det daglege livet. Vi håpar at dei som møter opp kan gå frå temakvelden med ny kunnskap og ei mestringskjensle, avsluttar arrangementsgruppa.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags