«Rapporten er skjemd av spekulasjonar»

Advokat Bjarte Døssland (nærmast) meiner rapporten frå Deloitte om rådmanssaka er skjemd av spekulasjonar, insinuasjonar og reine påstandar.

Advokat Bjarte Døssland (nærmast) meiner rapporten frå Deloitte om rådmanssaka er skjemd av spekulasjonar, insinuasjonar og reine påstandar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Rapporten om personalsaka mot rådmannen får sterk kritikk av kommunen sin advokat.

DEL

Advokat Bjarte Døssland, som bistod Kvinnherad kommune i personalsaka mot tidlegare rådmann Odd Ivar Øvregård i vår, skriv i ein merknad til Deloitte-rapporten om prosessen rundt «rådmannssaka» at den gir lite eller ingen verdi som grunnlag for lærdom og rutineendringar. «Store delar av rapporten er elles skjemd av spekulasjonar, lause insinuasjonar, reine påstandar frå ulike involverte og upresise/upoengterte vurderingar av typen «vi stiller spørsmål ved» og liknande», står det å lesa.

Til Kvinnheringen seier Døssland at han er overgitt over både rapporten og kostnadane den førte med seg.

– Det gir lite meining å bruka ein halv million på ein rapport som ikkje ein gong gå skal inn i spørsmålet om det var rett å gå inn for arbeidsrettslege sanksjonar, seier advokaten.

Han gir også politikarane kritikk. Døssland meiner at viss ein skulle gjort ting skikkeleg i personalsaka, ville ein ha undersøkt faktum, og vurdert kva ein skulle gjera vidare då faktum var opplyst.

– Det er det som er vanleg, men ein del politikarar slutta å vera interesserte i å finna ut om det var grunnlag for arbeidsrettslege konsekvensar, og interesserte seg heller for å angripa kvarandre politisk, seier Døssland.

Han meiner at i staden for å skaffa rettsleg relevant informasjon, så valde politikarane å stoppa prosessen for så heller bruka store midlar på å forhandla fram ei løysing.

– Og så går ein ganske utan opphald vidare og bruker 480.000 kroner på å finna ut om det har skjedd noko feil i prosessen rundt personalsaka, men ikkje i sjølve personalsaka, kritiserer Døssland.

Dyre advokatkostnadar

Synnøve Solbakken (Ap), leiar i kontrollutvalet som bestilte rapporten, svarer på kritikken til Døssland og minner om at eit samrøystes kommunestyre bad om å gjennomføra revisjonen.

– Det eg ser er at ordføraren har nytta seg av mykje advokathjelp gjennom heile prosessen med Deloitte. Klart det kostar, og den kostnaden kjem i tillegg, skyt Solbakken tilbake, som meiner rapporten var verd dei 480.000 kronene.

Ho fortel det har blitt avklart viktige ting, som at Kvinnherad kommune ikkje har gode nok rutinar på enkelte område.

– Det gjeld blant anna ordførar som arbeidsgjevar. Peder Sjo Slettebø har nok ikkje dei fullmaktene han hadde trudd med tanke på å setja i gang ei personalsak. Det var også ein uryddig saksgang, og i rapporten er det mykje påstand mot påstand, noko som tydar på manglande dokumentasjon og manglande kommunikasjon.

Solbakken meiner også at kommunen ikkje har gode nok rutinar når det kjem til økonomisjefen og fullmakter. Ho fortel at kontrollutvalet skal spesielt ta med seg to punkt Deloitte peika på: 1. Klargjering av fullmaktsføresegner i finanssaker som sikrar samsvar mellom praksis og fastsette fullmakter, 2. klargjera og utarbeida rutinar for korleis arbeidsgjevaransvaret for kommunedirektør skal ivaretakast.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags