Gå til sidens hovedinnhold

Vil krevja reguleringsplan

Artikkelen er over 3 år gammel

AK anlegg ønskjer å etablera ein tipplass på Kaldestad, men Rådmannen innstiller på at dette berre kan gjerast ved ein reguleringsplan. 

AK anlegg på Valen har søkt om å få etablera ei fylling for jord, stein og morene på om lag 36.589 kubikkmeter på eit område på Kaldestad der det tidlegare har vore fylt massar. Det er ikkje godkjend avkøyrsel til tipp-plassen. Området er sterkt skrånande og går frå kote 38 moh. til kote 63 moh. oppe ved vegen. Formålet med tippen er å få laga ein skogsveg/anleggsveg. Søkjarane skriv at dei på grunn av aukande etterspurnad ønskjer å få etablert ein tipp som er sentral i den pågåande bygginga av ny Opsangerveg, samt fleire komande byggjeprosjekt.

Området er regulert til eit bustadområde, og Rådmannen innstiller på at forvaltingskomiteen ikkje gir dispensasjon frå reguleringsplanskrav. I vurderinga står det at administrasjonen finn at ein eventuell tipplass her må vurderast i ein reguleringsplan med plassering av bustader, vegar, friområde og liknande.

– Tipplass er meir eigna der det kan førebuast til planering for landbruksareal. Naboar peikar på ulemper både med tipplass tett ved bustadane, og at Kaldestadvegen ikkje vil vera trygg som skuleveg med stor anleggstrafikk. Statens vegvesen skriv i sin uttale 01.12.2017 at dei oppmodar til at vidare utvikling av området vert følgt opp gjennom ein reguleringsplan, står det å lesa i innstillinga.

Forvaltingskomiteen utsette saka i februar for å få seg ei synfaring på området. Synfaringa blir gjennomført i forkant av møtet 21. mars.

Kommentarer til denne saken