Premiereklar russegjeng på uvanleg tidspunkt

UNDERHALDNING: Vibeke Escher (liggande) og resten av revygjengen er klare for å by på underhaldning alle kan kjenna seg igjen i.

UNDERHALDNING: Vibeke Escher (liggande) og resten av revygjengen er klare for å by på underhaldning alle kan kjenna seg igjen i.

Fredag 18. januar brakar det laus. Då står årets russekull på scena, med premieren på revyen «Betre seint enn aldri».

DEL

I år er russerevyen på denne sida av årsskiftet, og tittelen blei dermed naturleg nok «Betre seint enn aldri».

– Kulturhuset var fullt før jul, så vi måtte rett og slett forskyva revyen til etter nyttår, fortel den eine revysjefen Vibeke Escher (18).

Vibeke fortel vidare at det ikkje er noko raud tråd gjennom førestillinga, men at den er proppa full med morosame sketsjar som handlar om både lokale og nasjonale tema.

REVY: Revysjef Vibeke Escher gler seg til russerevyen, som vil by på song, dans og morosame sketsjar.

REVY: Revysjef Vibeke Escher gler seg til russerevyen, som vil by på song, dans og morosame sketsjar.

– Vi ville få til noko som alle kan kjenna seg igjen i, seier Vibeke, og avslører at fregatten «Helge Ingstad» vil bli omtala, samt den berømte saka om vassproblematikken på Husnes Storsenter som i haust blei nasjonalt nytt.

– Og så er det jo sjølvsagt nokre lærarsketsjar med, ler ho.

To framsyningar

Om ein ikkje får med seg førestillinga på premierekvelden, har ein sjansen laurdag 19. januar.

– Målet vårt er å gi publikum ein stressfri underhaldningskveld, kor ein rett og slett kan slappa av og få eit smil om munnen, smiler Vibeke.

Enn så lenge ligg dei i rute, og har hyppige øvingar for å få alt til å klaffa. Torsdag ettermiddag var nesten 30 elevar samla i kantina på KVV for å øva då Kvinnheringen stakk innom. Alldans stod på programmet, og Vibeke hadde posisjonen som danseinstruktør. Alle måtte henga med på notane for å få med seg dansetrinna, for her var det bratt læringskurve.

DANS: No er det siste innspurt før russerevyen som har premiere 18. januar. Her er russegjengen i full gong med å terpa på dansetrinna.

DANS: No er det siste innspurt før russerevyen som har premiere 18. januar. Her er russegjengen i full gong med å terpa på dansetrinna.

– Gjekk det bra? ropte Vibeke ut.

– Nja, svarte ein medruss litt nølande bak i salen.

– Kan du ta det ein gong til, og litt rolegare denne gongen? heldt han fram.

Dei fortsette øvinga, og såg etter kvart ut til å meistra dansetrinna betre og betre.

– Det er veldig kjekt å halda på med russerevy, og det gir eit godt samhald mellom oss som deltar. Det igjen gjer nok russetida endå betre, avslutta Vibeke.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags