Marius tok førsteplassen i andre NM-runde på Rudskogen

Marius Ripel Jensen klarte det igjen. Søndag fekk han si beste plassering i Superbike-klassen i andre NM-runde på Rudskogen: Førsteplassen. (Foto: Gerd-Laura Bondhus).

Marius Ripel Jensen klarte det igjen. Søndag fekk han si beste plassering i Superbike-klassen i andre NM-runde på Rudskogen: Førsteplassen. (Foto: Gerd-Laura Bondhus).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

For vel ein månad sidan blei det andreplass på Ripel Jensen i den første NM-runden i roadracing på Våler, i klassen Superbike. Denne helga tok han steget opp på pallen.

Før løpa laurdag og søndag hadde han ein del problem med oppsett av sykkelen, noko som betydde mange rundar på bana for å bli vant med den. I laurdagens løp enda det derfor med ein femteplass.

Søndagen gjekk det langt betre. Kvinnheringen fekk ein ganske bra start og var først ut av første sving. Videre fekk han opp tempoet, og hadde ei god kjensle med sykkelen. Han leia gjennom heile løpet, og auka avstanden til dei bak heile tida. Ripel Jensen køyrte først i mål, heile 21 sekund før han som tok andreplassen. Eigentleg skulle han køyra eitt løp til på søndagen, men det blei avlyst på grunn av tåke og dårleg sikt.

– Dette må du vel vera godt nøgd med?

– Ja, eg er eigentleg meir enn fornøgd, basert på utfordringane med oppsettet på sykkelen, fortel ein glad Ripel Jensen til Kvinnheringen.

Fleire kvinnheringar var med og såg han køyra løpa på Rudskogen. Neste løp han skal delta på er tredje NM-runde i Karlskoga i Sverige 21.–23. juli.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags