– Tusen takk for hjelpa!

Saman prøver desse fire å skaffa nok pengar til livets opphald for storfamilien i Romania. Fremst i bildet sit Maria med strikketøyet sitt. Bak f.v.: Mandalin, Aura og Leonard.

Saman prøver desse fire å skaffa nok pengar til livets opphald for storfamilien i Romania. Fremst i bildet sit Maria med strikketøyet sitt. Bak f.v.: Mandalin, Aura og Leonard.

Den rumenske familien Preda er djupt takksam for all hjelpa og støtta den har fått i Kvinnherad.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Familien er representert med fire personar i tre bygder. I Rosendal møter du tobarnsmora Aura Preda. Mannen hennar, Madalin Preda, finn du på Valen. Begge sel bladet «Folk er folk», medan dei tenkjer på dei to smågutane sine på fire og seks år som i mellomtida bur hos søster til Madalin i byen Targu Carbunesti i heimlandet Romania.

På Husnes Storsenter møter du besteforeldra til smågutane og foreldra til Madalin, Maria og Leonard Preda. Han sel blad, ho sel strikketøy, fint dandert like innanfor skyvedørane. I minst to år har dei vore her. Kvar dag smiler og helsar dei kjent på mange forbipasserande. Dei fleste går nemleg forbi, men mange stoppar også – om ikkje kvar gong.

Håplause tilhøve

Men kvifor er dei her? Kvifor har dei valt å gjera seg avhengige av almisser? Det kan vera vanskeleg å forstå, sjølv om det skulle vera godt kjent. 

– I Romania er det fattigdom, arbeidsløyse og korrupsjon. For tida er det òg store demonstrasjonar mot styresmaktene som vil lovfesta korrupsjon opptil eit visst beløp. Vi har ikkje arbeid der og klarer ikkje skaffa nok mat og anna som trengst i familien. Derfor er vi her, fortel Madalin, som òg er tolken i familien.

Ingen kynisme og ingen bakmenn, men eiga nød og vennlege kvinnhe-ringar held dei her.

Takk

Jula vart feira i Romania saman med storfamilien. No er dei nettopp komne tilbake for å halda fram med slitet det er å få inn pengar.

– Det var så vondt å reisa frå borna igjen. Dei forstår jo ikkje at dette er nødvendig, seier Aura og tørkar ei tåre.

For tida bur dei i ei lånt campingvogn som står parkert ved campingplassen på Husnes. Vertskapet der har vist stor velvilje. Fleire i bygda har gitt rørande støtte på andre måtar, til dømes ved å invitera dei heim til seg. I fjor skreiv vi om det vesle barnebarnet til Maria og Leonard, den no åtte år gamle Antonia med Downs syndrom og hjartefeil. Guten er ein av dei fire eigne borna til kvinna som tar seg av Aura og Madalin sine to born. Ved hjelp av mobilisering og god støtte frå lokale personar her, greidde familien til slutt å skaffa nok pengar til ein viktig operasjon Antonia måtte ha for å overleva. Dei siste kronene vart gitt av ei lokal kvinne, men familien er fast bestemt på å betala ho tilbake.

– Vi er så utruleg takknemlege for all den hjelpa vi har fått. Då må skriva at vi vil seia tusen takk til alle som har støtta oss, seier den sterke gjengen på fire.

Geir Jakobsen på storsenteret får litt ekstra skryt for at han lagar rom for Maria og Leonard.

– Han er berre heilt fantastisk, takkar dei rørt.

Usikker framtid

Borna og resten av familien heime i Romania treng pengar til det meste. Antonia treng livsviktig medisin. Bustaden er knøttliten, får vi vita, men familien eig han i det minste sjølv. Madalin har ein luksusdraum på vegner av borna.

– Tenk, om vi ein dag har nok pengar til å installera ein dusj, sukkar han.

Det blir stille rundt kafébordet på Yngves konditori ei lita stund. Maria trekkjer fram eit bilde frå ein badeseanse i ein balje på stovegolvet heime i Romania. Maria og Aura badar sønene til Madalin og Aura. Bildet er fint og ansikta blide, men kåra er utvilsamt enkle. 

– Kor lenge blir de i kommunen?

– Det veit vi ikkje. I Romania er det dessverre ikkje noko liv for oss no.

Artikkeltags