Musikk skapt i skuggen av første verdskrig

VERDSSTJERNER: Songaren Matthias Goerne kjem tilbake til Rosendal Kammermuiskkfestival for å framføra Schuberts «Winterreise» saman med Leif Ove Andsnes. Her frå konserten hans under den første festivalen. (Arkivfoto: Liv Løland, festivalfotograf).

VERDSSTJERNER: Songaren Matthias Goerne kjem tilbake til Rosendal Kammermuiskkfestival for å framføra Schuberts «Winterreise» saman med Leif Ove Andsnes. Her frå konserten hans under den første festivalen. (Arkivfoto: Liv Løland, festivalfotograf). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Sjå programmet for årets kammermusikkfestival!

DEL

Rosendal Kammermusikkfestival har i år fått namnet «I skyggen av en krig, 1914–1918».

«Første del av det 20. hundreåret var ein ekstraordinær periode i musikkhistoria, der det oppsto eit enormt mangfald av nye musikkstilar. I fire dagar skal Rosendal Kammermusikkfestival setja søkelyset på åra 1914–1918, og utforska ein gripande og mangslungen musikalsk arv, verk komponistane skreiv anten som ein reaksjon på, eller til trass for krigen som raste rundt dei, uttalar festivalgeneral Leif Ove Andsnes i ei pressemelding.

Les også:

«Strikkpådalen» med bygdekvinnelaget

Nummer tre

Til Kvinnheringen seier Leif Ove Andsnes at det har vore veldig spennande å jobba med årets festivalprogram.

– Dei to føregåande åra hadde vi ein komponist som fokus, Schubert og Mozart. No gjer vi det motsett med veldig mange komponistar innan ein tidsperiode, som er første verdskrig, seier Andsnes.

Festivalgeneralen meiner likevel ikkje folk treng frykta at det blir ein dyster festival med mørk musikk.

– Det vart skrive mykje fantastisk musikk i desse åra, og eg vart oppglødd då eg såg all musikken som var frå denne perioden. Det er noko som reflekterer krig og sorg, og er ekko av det som raste. Men det aller meste er faktisk skrive på trass av krigen, og er både gledesfylt og underhaldande, fortel Andsnes.

Han lovar musikk med stor variasjon frå Russland, USA og heile sentral-Europa. Nokre innslag frå meir ukjende norske komponistar blir det òg, mellom anna av Sinding, Hurum og Signe Lund.

Det er Andsnes sjølv som har sett saman programmet, og han skal sjølvsagt også opptre på mange av konsertane.

– Eg klarer ikkje halda meg på matta. Når eg inviterer, så spør eg gjerne musikaren om vi skal spela saman, og då blir det gjerne slik.

Totalt vert det 10 konsertar med 18 musikarar, og i tillegg nokre foredrag.

Det er nokre fleire konsertar i år enn før, og det blir fleire litt kortare konsertar på under ein time. Mellom anna ein i Riddersalen seint om kvelden laurdagen. Det trur Andesnes blir veldig stemningsfullt.

Han opplyser at artistane han kontaktar er veldig positive til å vera med. Festivalen har alt fått rykte på seg som ein høgkvalitetsfestival på ein fantastisk stad.

– Det internasjonale musikkmiljøet er ikkje så stort, og eg opplever at dette er ein festival som er blitt lagt merke til, seier Andsnes.

Han har eit svært travelt program denne veka, med intervju med ei rekke nasjonale norske medium, og også med internasjonale medium.

Andsnes tenkjer på Rosendal Kammermusikkfestival i eit langsiktig perspektiv, og planlegginga av både 2019 og 2020 er han i gang med.

– Festivalen har fått solid grobotn og møter begeistring, då er det veldig inspirerande å gjera det vidare. Neste år er alt mange musikarar på blokka, så det blir fantastisk, heilt sikkert, seier Andsnes.

Programmet

På programmet i år står mellom anna Stravinskijs Suite frå «Historien om en soldat», som vart urframført i dei siste månadane av første verdskrig. Gjennomgåande i programmet er verk med ei unik historie og stemme; Janaceks ekspresjonistiske fiolinsonate med ekko av bomber i siste sats; Vaughan Williams’ post-romantiske Lark Ascending; Ravels neoklassisistiske Le Tombeau de Couperin, tileigna vener som døydde i kamp. Du får høyra den reine folketoneinspirasjonen hos den armenske komponisten Komitas, som vart arrestert av osmanske styresmakter i 1915 og deportert til ein fangeleir, heiter det i pressemeldinga.

Årets festival er den tredje i rekka og den vart grunnlagt av pianist Leif Ove Andsnes. Den går av stabelen frå 9.–12. august. Andsnes får denne gong selskap på scena av Matthias Goerne (baryton), Anna Prohaska (sopran), Kirill Gerstein (klaver), Bertrand Chamayou (klaver), Eric Schneider (klaver), Ingrid Andsnes (klaver), Henning Kraggerud (fiolin), Akiko Suwanai, (fiolin) Johan Dalene (fiolin), Lars Anders Tomter (bratsj), Edgar Moreau (cello), Dover String Quartet, Andreas Ottensammer (klarinett), Guy Eshed (fløyte) og Sivan Magen (harpe).

Sal av billettar og pakker med overnatting startar fredag 19. januar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags