Kontrakten gjekk til Fusa-bedrift

Noverande Rosendalstunet. Leigland Bygg har fått kontrakten med å byggja den nye sjukeheimen. (Arkivfoto).

Noverande Rosendalstunet. Leigland Bygg har fått kontrakten med å byggja den nye sjukeheimen. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 4 år gammel

Leigland Bygg vann anbodskonkurransen om bygging av det nye Rosendalstunet.

DEL

Leigland Bygg held til i Strandvik i Fusa kommune. Bedrifta har lang erfaring med å byggja elementhus. Det var fire bedrifter som var med i anbodskonkurransen. Leigland Bygg leverte eit tilbod på 133 millionar for totalentreprisen.

Bedrifta med 60 tilsette er lokalisert i Strandvik i Fusa kommune.

I juni sette rådmannen ei kostnadsramme på 278 millionar, inklusiv moms, for ei utviding av Rosendalstunet.

– Alle tilboda låg innanfor dei politisk vedtekne finansieringane i prosjektet. Vi er svært tilfreds med oppslutnaden i konkurransen, seier prosjektingeniør Anne Guri Kildal i ei pressemelding frå Kvinnherad kommune.

Den endelege godkjenninga av prosjektet skjer i formannskapet den 3. desember og i kommunestyret den 17.desember.

Tilskot

Det er venta eit tilskot frå Husbanken på 55 prosent for kvar sjukeheimsplass. I økonomiplanen er det sett av 70 millionar i 2016 og 130 millionar i 2017 til dette prosjektet. Etter utbygginga vil Rosendalstunet ha 60 sjukeheimsplassar/omsorgsplassar med heildøgns omsorg.

Bygget er planlagd med fire fløyar med til saman seks bugrupper, og skal byggjast over to plan. I kvar bugruppe skal det vera 10 sengerom. Kvart rom er på 28 kvadratmeter, inklusiv bad. I bugruppene er det opne kjøkkenløysingar, slik at det er mogleg for brukarane å delta i matlaging.

Nettoarealet for den nye sjukeheimen vert 3972 kvadratmeter. Det er avsett 6 millionar kroner til innkjøp av inventar og utstyr.

Byggetid

Byggjestart for det nye Rosendalstunet er like over nyttår. Dagleg leiar i Leigland Bygg AS, Mikal Leigland, er glad for at bedrifta hans vann anbodskonkurransen, men held den store jubelen litt tilbake.

- Førebels har vi berre vunne ein anbodskonkurranse, så får vi sjå kva det endelege sluttresultatet blir, seier Leigland til Kvinnheringen.

Bedrifta har rekna to år frå arbeidet startar til det nye bygget står ferdig.

Elementa til det nye bygget vert produsert i Leigland Bygg sine lokale i Strandvik. Bedrifta har lang erfaring med bygging av elementhus.

Utfordring

Det har vore stor flytteaktivitet på Rosendalstunet dei siste vekene. For å få kabalen til å gå opp, er nokre av omsorgsbustadane gjort om til tomannsrom. Fem av bebuarane er flytta til Varaldsøy aldersheim. Verksemdsleiar, Leif Kongestøl, ser at det vert store utfordringar i tida framover.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags