Opning av sherpastien til Skålafjell

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Sherpastien til Skålafjell i Rosendal er straks ferdig. I morgon kveld, torsdag, blir det høgtideleg opning på Gamlasetro.

Turgruppa i Rosendal Turnlag har dei siste åra fått gjennomført ei stor oppgradering av fleire av stiane kring bygda, med stor hjelp av steinekspertar frå Nepal. I 2015 laga dei 256 trappetrinn i det bratte og rasutsette partiet under Skarshaug på Melderskin. I 2016 etablerte dei heile 591 trinn mellom Høyklepp og Hjort på Nuten.

Dei siste tre vekene er det altså partiet mellom Gamlasetro og toppen av Skålafjell (Navarhaug) som er blitt rusta opp. Karane frå Nepal har no laga ein sti som kjem til å eksistera i hundrevis av år, og som vil takla endå meir trafikk og alskens uvêr .

– Det er heilt fantastisk å sjå den arbeidskapasiteten og -gleda som karane viser. Resultatet av innsatsen deira er langt over våre forventningar, seier Morten Nygård og Kåre Eik i Turgruppa i ei pressemelding.

Turgruppa nyttar høvet til å takka grunneigarane for svært godt samarbeid og ulike instansar for viktig økonomisk støtte.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken