Vinmonopolet håpar å rekka turistsesongen

LOKALE: Det nye utsalet til Vinmonopolet vil ligga i dei tidlegare lokala til butikken Sko og Interiør i Varehuset Rosendal.  Her ser vi Asbjørn Soltveit ta ein kikk på framdrifta med lokalet. (Foto: Marie Skaaluren).

LOKALE: Det nye utsalet til Vinmonopolet vil ligga i dei tidlegare lokala til butikken Sko og Interiør i Varehuset Rosendal. Her ser vi Asbjørn Soltveit ta ein kikk på framdrifta med lokalet. (Foto: Marie Skaaluren).

Det er full aktivitet i eit forretningslokale i Rosendal, og det er dette Vinmonopolet har sett seg ut til å husa det nye minipolet som skal koma til bygda.

DEL

Arbeidet og ombygginga i det som er planlagt å bli lokala til Vinmonopolet sitt utsal i Varehuset Rosendal er i full gang.

– Kontrakten er ferdigforhandla, men den manglar eit par underskrifter før vi kan senda ein formell søknad til kommunen for å få vald adresse i sentrum godkjent, seier Jens Nordahl, presseansvarleg i Vinmonopolet.

Planen er å få søknaden inn til kommunestyret for handsaming 22. mai.

– Dette må på plass om vi skal rekka å opna det nye utsalet i siste halvdel av juni, held Nordahl fram.

Vidare peikar han på at det er fleire ting som må på plass før ei eventuell opning. Lokalet skal stå ferdig i god tid, slik at butikken kan møblerast og fyllast opp med flasker. Det står att litt administrativt arbeid, samt at dei ikkje er heilt i mål med personale til butikken.

– I tillegg må vi fastsetta ein fornuftig opningsprofil, og foreløpig tenker vi å følga handelsmønsteret i Rosendal med utvida opningstider i turistsesongen.

Nordahl kan ikkje lova at minipolet vil opna i løpet av juni, men kryssar fingrane og håpar det beste.

– Basert på tidlegare erfaring ligg vi an til å rekka det før sommaren, avsluttar han.

Turistsesongen

Asbjørn Soltveit i Rosendal Utvikling har vore ein av pådrivarane for å få vinmonopol til bygda. Han meiner det er viktig å få på plass utsalet før sommaren og turistsesongen blomstrar for fullt, då båt-, bubil- og andre turistar besøker bygda.

– Sommaren er den desidert beste tida å opna på, så dei får nok ein fantastisk start, smiler han.

I fjor var det veldig mange besøkande i Rosendal, så ein sommar av same kaliber hadde ikkje vore å forakta.

– Det var veldig bra handel her i fjor sommar, og det er klart at eit vinmonopol vil gi auka aktivitet i gata, noko som kjem til å ha ein positiv effekt på handelen i dei andre butikkane også.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags