Blei rosaruss for brystkreftsaka

Det vrimla av rosakledd russ i KVV-kantina torsdag. Årsaka var at årets russekull markerte Brystkreftforeningen sin Rosa sløyfe-aksjon torsdag, og selde kaker til inntekt for foreininga.

Det vrimla av rosakledd russ i KVV-kantina torsdag. Årsaka var at årets russekull markerte Brystkreftforeningen sin Rosa sløyfe-aksjon torsdag, og selde kaker til inntekt for foreininga.

Artikkelen er over 3 år gammel

I oktober går mange med rosa sløyfe for å visa solidaritet med dei som er råka av brystkreft. Torsdag hadde KVV-russen sin eigen rosa-aksjon.

DEL

Brystkreft er den hyppigaste kreftforma blant kvinner. 3.300 kvinner i Norge blir årleg råka, og éi av tolv kvinner i landet vil utvikla brystkreft i løpet av livet, i følgje Kreftforeningen. Forsking på behandling og tidleg oppdaging av kreften gjer at fleire enn tidlegare overlever. I følgje Kreftregisteret lever i dag nesten 90 prosent av alle råka fem år etter at diagnosen er stilt. Rosa sløyfe-aksjonen er Kreftforeningen og Brystkreftforeningen sin aksjon for å få folk til å visa solidaritet med dei brystkreftråka, spreia informasjon og samla inn pengar til brystkreftforskinga. Slike pengeinnsamlingar blir gjort på mange kreative måtar rundt om i landet. KVV-russen let seg inspirera av andre vidaregåande skular, og torsdag hadde dei ein eigen rosa aksjon til inntekt for brystkreftsaka:

– Vi lanserte ideen overfor resten av russen, og alle tente på ideen. Vi sa at vi håpte alle ville kle seg i rosa, og så ønskte vi å halda eit kakesal, fortalde Marte Prestnes Ersland.

Fleire russ tok på seg jobben med å baka, og i midttimen på torsdagen selde dei muffins, bollar og kaker, der alle inntektene gjekk rett til brystkreftsaka.

– Her kan ein anten betala kontant, og så overfører vi pengane, eller så kan ein «vippsa» rett til Rosa sløyfe-aksjonen, fortalde Henriette Aakre Skarveland. 

– Kor mykje håpar de å få inn?

– Det har vi ikkje tenkt så mykje på, men vi håpar at alle som har høve, bidreg litt til dette viktige temaet, sa russen.

I kantina vrimla det av rosakledde ungdommar i alle nyansar denne føremiddagen. Somme hadde teke den heilt ut, som Torgeir Bøyum som gjekk kledd i ein heilrosa «kosedress» i velur.

– Det var ein på senteret i stad som kommenterte at eg var ei fin jente! lo Bøyum.

– Eg har ikkje problem med å gå med denne rosa genseren, men det var litt flaut å gå med Torgeir på senteret i dag, la kameraten Karsten André Haugland til med eit flir. 

Dei var elles samde om at saka var så viktig at dei kledde seg i rosa med glede denne dagen.

– Alle har eit forhold til kreft på eit eller anna vis, slo Ellen Rørdal fast.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken