Jul i Sæbøvik: Sentrum overfylt av nissar og «nissefanteri»

KYSS: Nisseborna Kristian og Maren gav nissemor Linda eit stort kyss på kinnet.

KYSS: Nisseborna Kristian og Maren gav nissemor Linda eit stort kyss på kinnet.

Artikkelen er over 1 år gammel

Jula har kome til Sæbøvik, noko alle borna på Halsnøy ville få med seg.

DEL

Torsdag ettermiddag var det tid for å tenna julegrana i «landsbyen» Sæbøvik. Nissemor (Linda Røyrøy), nissefar (Kjell Ståle Tofte) og den ekte julenissen (Sverre Bjørnevik) tok turen innom, og stelte i stand med både julegraut, gløgg og til bornas store glede: Godteposar!

– Vi ventar på nissen og godteriet, fortalde borna som hadde møtt opp i anledninga.

Ikkje mindre enn 250 godteposer forsvann i løpet av få minutt, og det var til tider kaotiske tilstander framfor julegrana, med ivrige småhender som strekte seg langt i lufta for å «fiska» med seg ei snopegåve frå nissen. Undervegs i utdelinga, blei julelysa på grana tent, til applaus frå publikum.

– Det er eit overveldande oppmøte, så fantastisk kjekt, fastslo nissemor.

GÅVER: Endeleg kom nissemor (Linda Røyrøy) og nissefar (Kjell Ståle Tofte) med den ekte nissen (Sverre Bjørnevik). Med seg hadde nissen 250 godteposar!

GÅVER: Endeleg kom nissemor (Linda Røyrøy) og nissefar (Kjell Ståle Tofte) med den ekte nissen (Sverre Bjørnevik). Med seg hadde nissen 250 godteposar!

Julestemning

Blant bålpannene sat store og små og kosa seg med nissegrauten.

Brørne Mikkel (2) og Isak Øvstebø (5) var to som hadde fått seg tallerknar med nissegraut.

– Eg likar veldig godt bålpannene, smilte femåringen, som tok ei skei graut medan han snakka.

BÅLPANNER: Brørne Mikkel (2) og Isak Øvstebø (5) kosa seg med graut, og synest det var ekstra stas med bålpannene som var sett opp for å skapa ei riktig god stemning.

BÅLPANNER: Brørne Mikkel (2) og Isak Øvstebø (5) kosa seg med graut, og synest det var ekstra stas med bålpannene som var sett opp for å skapa ei riktig god stemning.

Det var smil å sjå kor hen ein snudde seg, og latteren var ikkje langt unna.

– Det er eit nydeleg vêr og fantastisk god stemning her, fortalde Berit Tveit Sjo som nett hadde fått gløgg i hende.

Ikkje ein einaste person gjekk svolten rundt i sentrum denne ettermiddagen. Julehandelen kunne ein også få unna, då det var julemesse inne på senteret. Snømangel eller ei, med frost på rutene blei det så god julestemning som ein kunne håpa på, og kvelden var ikkje komplett utan nokre nissestrekar.

– Skal vi gjera litt nissestrekar? spurde nissemor sine små nisseungar, Maren (3) og Kristian Sæle (4).

Før ein visste ordet av det, var dei på nissefanteri i skumringa, og det forsvann både ein og to smultringar frå bakeriutsalet på mystisk vis.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags