Gå til sidens hovedinnhold

Saman på Setermoen

Artikkelen er over 9 år gammel

Å vera vekevis vekke frå familien og heimplassen er kanskje ikkje like kjipt når du har kameratgjengen med deg?

For snart ein månad sidan reiste åtte unge karar frå Kvinnherad til førstegongsteneste i militæret, nærmare bestemt Setermoen i Bardu kommune i Troms. Dei åtte kameratane er fordelt på ulike bataljonar og rom, men treffest på fritida.
– Eg må innrømma at eg i starten ikkje gledde meg til å reisa i militæret. Men då vi fekk vita at nesten heile kompisgjengen skulle til same plassen, blei eg mykje meir motivert. Vi er veldig sosiale her inne, og gjer mykje av det vi ville gjort heime som å sjå fotballkampar og trena saman, seier Lasse Digranes (18).

No går dei gjennom rekruttskulen, som er grunnutdanninga dei seks første vekene av førstegongstenesta, og rekna som den hardaste perioden med lange dagar med høg stressfaktor. I tillegg har dei uniformsplikt og portforbod, og kan ikkje forlata leiren.
– Det har vore litt tøft i starten, med mykje romvask og stress. Vi skal læra disiplin og må «fortena» ting. Vi har også vore i gasskammer, for å testa psyken vår, fortel Vegard Enes Ludvigsen (18).
– Det verste er den stressfaktoren, vi blir pressa heile tida. Til dømes blei troppen til meg og Lasse vekt midt på natta og måtte springa rundt leiren og stå ein time på oppstilling. Det var straffa fordi nokon av oss hadde gløymt å låsa våpenskapet! No skuldar troppen vår 1040 «push-ups» til troppleiaren vår fordi vi var for treige med å setja opp telt, seier Endre Børve.

Trass i stress og press seier kameratgjengen at dei trivst på Setermoen.
– Det er jo spennande, og vi lærer mykje nytt. Vi har funne oss til rette etter kvart, seier Vegard.
At dei har kvarandre hjelper på heimlengselen:
– Du har liksom alltid nokon å vera saman med og snakka med, og vi deler tips og råd med kvarandre. I tillegg har vi verkeleg alt vi treng her inne, det sørgjer velferdstenesta for. Maten er knallgod, vi har treningsrom, og playstation. Velferda arrangerer turar og kurs, som til dømes turar til Tromsø, snøscooterturar, securitas-kurs og bartenderkurs for dei som vil det, seier Endre.

No gler kameratane seg til rekruttskulen er over og dei kan reisa heim på perm i slutten av september. Det blir spennande om dei klarar å oppretthalda brettekantar i klesskapa heime også!
– Etter rekrutten blir vi meir sjølvstendige og får arbeidsoppgåver. Då blir kvardagen enklare, seier Vegard.