Dette meiner politikarane om nytt ferjesamband

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Les meir om arbeidet med nytt Kvinnherad–Stord-samband i fredagens PDF-utgåve her!

1. Kvar meiner du og ditt parti at ferja mellom Stord og Kvinnherad bør gå?

2. Er ferjer som går 12 knop akseptabelt?

3. Kva er det viktigaste ved val av ferjestadar?

4. Kor viktig er E39 og framtidige løysingar mot Stord og vidare i denne

planlegginga?

5. Kva skjer om Kvinnherad og Stord ikkje greier å bli einige

om ei felles løysing no?

Saka held fram under bildet.

Debatten om ferjesamband har føregått i lang tid. Det er gjort ei rekkje utgreiingar, særleg på Stord, som ikkje har enda opp i noko anna enn dagens situasjon. På kartet ser ein tre alternativ som blir vurderte av arbeidsgruppa som jobbar med nytt samband. K4 (Sunde–Jektevik) er tilrådd silt ut, står det i ein fersk rapport frå Helge Hopen AS.

Debatten om ferjesamband har føregått i lang tid. Det er gjort ei rekkje utgreiingar, særleg på Stord, som ikkje har enda opp i noko anna enn dagens situasjon. På kartet ser ein tre alternativ som blir vurderte av arbeidsgruppa som jobbar med nytt samband. K4 (Sunde–Jektevik) er tilrådd silt ut, står det i ein fersk rapport frå Helge Hopen AS.

Leif Sverre Enes, gruppeleiar i Høgre:

1. Den kortaste seglingsruta; Klosterneset–Sævarhagsvikjo.

2. Synest det høyrest litt sakte ut – desto viktigare å få kort seglingstid.

3. Kortast mogeleg reisetid.

4. Ein gong i framtida vil vi få ferjefritt samband mot E39, men det er nok så langt fram i tid at det er vanskeleg å ta omsyn til det i denne runden. Fram til dess må vi nok konsentrera oss om å få best mogeleg samband.

5. Eg trur vi klarar det no – kan ikkje sjå at dette går i vasken.

Otto Benjaminson, gruppeleiar i Kvinnherad KrF (og medlem i arbeidsutvalet (representantar frå Stord, Kvinnherad og Hordaland fylke) som snart skal konkludera m.o.t. framtidig ferjesamband):

1. KrF si line er å få kortast mogeleg fjordkryssing, og det realistiske er då Klosterneset–Sævarhagsvikjo, sjølv om arbeidsutvalet ikkje har konkludert enno. Kvernevika nordom lærarskulen var aktuell ei tid, men den har ein no late liggja fordi ein på Stord-sida ser på høvet for å laga nytt ferjeleie i Sævarhagsvikjo ved å byggja på eksisterande molo i småhåthamna der. Slik kan ein unngå å bandleggja naturkvalitetar – stordabuen har vore strenge på å ikkje øydeleggja natur.

2. Samferdslemessig er svaret nei, men vi må ta inn over oss at styresmaktene og folk på heile kloden etter kvart er opptekne av bærekraftig utvikling m.o.t. utslepp. Med den teknologien ein har per i dag på batteriferjer, er det denne farten ein maktar. Desto viktigare å korta ned overfarten.

3. Få opp ferjefrekvensen for å gjera reisetida mellom regionsentra på Stord og Kvinnherad kortast mogeleg. Ei undersøking hos næringslivet nyleg viste store tap på grunn av at ferjesambanda ikkje er optimale.

4. Det er viktig, men vi kan ikkje blanda to heilt ulike tidsaspekt. Vi kan ikkje sitja og venta i mange tiår utan å foreta oss noko. Ein ny, god og framtidsretta ferjefri E39 vil faktisk trua Sunnhordlandsregionen og tappa oss for ressursar, om vi ikkje i god tid har orden på dei interne sambanda i regionen.

5. Då får vi sjå til svenskane som har kopla lokalpolitikarane vekk og tatt slike avgjersler nasjonalt. Men eg er faktisk meir optimistisk enn nokon gong. Det verkar som om Stord-politikarane ser kor viktig det er å få til gode internsamband. Sævarhagsvikjo er elles så langt sør at den kan fungera som reserve om Trekant-sambandet er stengd. Og blir det bygt nytt ferjeleie i Sævarhagsvikjo, kan Skjersholmane frigjerast til anna hamnebruk, småbåt eller industri.

Svein I. Opdal, gruppeleiar i MDG:

1. Ferja bør gå mellom Sunde og Jektevik. På Stord klarar dei ikkje å bli samde om kvar ein kan byggja nytt ferjeleie, og Jektevik ligg der klart. Dersom det på eit seinare tidspunkt kjem bru mellom Stord og Tysnes, og kanskje også mellom Tysnes og Huglo, kan ein tenkja nytt. Det blir for omfattande å rusta opp vegen over Halsnøy og byggja to nye ferjeleie.

2. Det synest eg – det er positivt å gå over til elferjer. Tenk på dei store CO2-utsleppa som blir kutta.

3. Kan ein få ein kort overfart er det gunstig, men vi må òg ta vare på dei investeringa som alt er gjort. Å øydeleggja natur og bumiljø for å spara 5–10 minuttar overfartstid, blir rett og slett for grovt – den tida er forbi.

4. Dersom det kjem ei ny trafikkåre Fusa–Bergen er det gunstig å satsa på Jektevik der er investeringane alt er gjort.

5. Då får ein sitja å krangla vidare. Slik vi har ordna oss med sakteferjer mellom Ranavik og Skjersholmane, dårleg veg over Halsnøy og tunnel med bompengar, har vi ei ugunstig løysing. Men det er berre å velja Sunde–Jektevik – den løysinga kan vi ta i bruk med ein gong. Gjerne kombinert med at vi brukar av kraftfondet til å betala ut restlånet til Halsnøytunnelen (som har fem år igjen av bompengeperioden, journ. anm.), slik at den vart gratis, eventuelt flytta bompengane til ferja. Eg er imot å flytta restlånet inn i Kvinnheradpakken.

Gunnar Våge, gruppeleiar i Senterpartiet:

1. Som parti har vi sagt at vi vil venta litt med å konkludera, fordi det er forskjellege meiningar i partiet. Men personleg meiner eg det er viktig at vi får eit innkorta samband, til dømes ved å flytta ferjeleiet i Kvinnherad til Klosterneset og få ny kai på Stord-sida.

2. Det hadde jo vore ein fordel om dei gjekk raskare, men det er vel ikkje mogleg når det skal vera elektriske ferjer. Så her må ein nok velja mellom fart og miljø, og heller bøta på overfartstida ved innkorta samband.

3. For meg er det, som vi var inne i spørsmål 1, innkorta samband som er det viktigaste. Reisetida til sambandet betyr ikkje allverda, dette var jo eit spørsmål då ferja skulle flytta til Årsnes òg, men det viste seg å ikkje bli eit problem. Det sentrale er at ferja går når ho skal, og med hyppige avgangar. Ein bør ned på ein halvtime mellom kvar avgang.

4. Det er klart at det er viktig at vi får ei god tilknyting til E39.

5. Det er vanskeleg spørsmål, men då håpar eg at overordna styresmakter går inn og tar styringa. Det er veldig viktig at vi får ei løysing på dette no. Dagens samband skulle vera eit mellombels samband, det var for 15 år sidan. Eg fryktar 15 nye år om ein ikkje blir samde snart.

Kent Are Kjørsvik Petterson, gruppeleiar i Venstre:

1. Vi har programfesta Sunde-Jektevik, men kortast mogleg reisetid vil bli prioritert om det kjem kortare alternativ.

2. Det er vanskeleg å svara ja eller nei her. Det hadde jo vore ønskeleg med noko raskare, men dette har vel å gjera med at ferjene går over på straum, så det er eit komplekst spørsmål. Alternativet er vel å gå tilbake til meir miljøfiendtlege ferjer, og det er jo ikkje eit heldig alternativ det heller.

3. Kortast mogleg reisetid, samt tilknyting til E39 sånn at bu- og arbeidsmarknaden her i regionen blir best mogleg.

4. Som sagt i spørsmål 3. er dette veldig viktig.

5. Då må vi sjå oss om etter andre alternativ for å prøva å få til noko ferjefritt, til dømes kan Sunnhordlandsdiagonalen vera eit alternativ.

Ove Lemicka, gruppeleiar i Frp:

1. Sånn som det er i dag har Kvinnherad stilt seg bak bompengeinnkrevjinga i Halsnøytunnelen, men i eit lengre perspektiv bør vi få ei betre løysing med eit kortare samband. No er det ei utgreiing på gang, og den må sluttførast. Så får vi konkludera med stad etter det.  

2. Det er vel det som er røynda når ein skal vera miljøvenleg. Då er kortare overfartstid løysinga. Såleis er ikkje Sunde eit godt alternativ som ferjeleie.

3. Korleis ein får eit godt fungerande ferjesamband er viktig. Då vil spørsmålet om kor lang tid ferja brukar vera sentralt. Vi har i dag eit samband som er den absolutt dårlegaste løysinga, ei løysing vi har levd med altfor lenge. Det er ein del føremonar med Jektevik framføre Skjersholmane. På Kvinnheradsida, ut frå det eg har sagt tidlegare, så er det ikkje nødvendigvis farbart å flytta til Sunde, men vi må vera opne for ulike alternativ som kjem fram i utgreiinga.

4. Det er veldig viktig å koma seg på E39, for lettare å koma oss både sør og nord. Forholdet mellom E39 og E134, den såkalla Sunnhordlandsdiagonalen, er eit spennande prosjekt.

5. Då reknar eg med at storsamfunnet må inn og hjelpa oss inn med ei løysing. Men no er det jo ein god prosess som går føre seg, så eg håpar ein finn ei løysing før det kjem så langt.

Hilde Enstad, gruppeleiar i Kvinnherad Arbeiderparti (og medlem i arbeidsutvalet som snart skal konkludera m.o.t. framtidig ferjesamband):

1. Ap gjekk til val på Sunde-Jektevik. No er det slik at ein ny prosess er opna, og vi har sagt oss villige til å sjå på alle høve på nytt. Måndag skal vi diskutera den nyaste rapporten på gruppemøte. Eg vil difor ikkje forskottera noko på vegner av Ap enno. Men vi gjekk som nemnt til val på Sunde-Jektevik.

2. Eg er såpass optimist at eg tenker teknologien vil spela på lag med oss slik at vi kan få raskare og meir miljøvennlege ferjer i nærmare framtid.

3. Den totale reisetida mellom dei to regionsentera i Sunnhordland.

4. Det er gjennom sambandet mot Stord vi skal knyta oss på E39. Raskast mogleg påkopling og eit godt samband mot Bergen er det vi må tenkja på.

5. Eg trur vi kjem til bli einige. Vi er nøydde for det. Viss ikkje vi klarar det no, så ser eg for meg at det vil bli spurd om ein statleg plan, og då mister vi fullstendig styringa. Det vil vi ikkje. Oppi dette er det òg viktig å ta omsyn til det økonomiske. Samferdsle er dyrt, og det må vega tungt i val av ny løysing.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags