Kvinnherad og Stord einige: Vil ha kort samband

(Illustrasjonsfoto).

(Illustrasjonsfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Referansegruppa som jobbar med nytt Kvinnherad–Stord-samband landa onsdag på ei klar anbefaling om at ferje frå Leirvik-området til anten Klosterneset eller Sæterneset på Halsnøy er den beste løysinga. Men alt håp for Sunde er ikkje ute.

DEL

I Leirvik-området er det Sævarhagen og Valevågen som er alternativa. Subsidiært blei det også bestemt å sjå vidare på Leirvik-området til Sunde, mellom anna fordi vegnettet over Halsnøy som kjent kan by på utfordringar.

– Sunde og eksisterande kai blir med i vidare vurderingar, og vi er einige om å ikkje utelata Jektevik. Det er enno uvisse med kostnadane med kort samband til Halsnøy. Men Halsnøy–Leirvik-området er den klare anbefalinga, seier ordførar Peder Sjo Slettebø til Kvinnheringen, etter onsdagens møte på Stord.

Konsulentselskapet Helge Hopen AS kjem snart med siste utgåve av sin rapport.

– Den styrker Halsnøy–Leirvik som alternativ. Trafikken mot Bergen og Stavanger, og også internt i Sunnhordland, blir vesentleg større med kort ferjestrekke. Den faglege tilrådinga var så tydeleg at også vi politikarar gjekk for den, seier Peder Sjo Slettebø.

Formannskapa i Kvinnherad og på Stord skal no legga forslag til planprogram ut på høyring, truleg i mai. Høyringsfristen er seks veker. Etter dette skal kommunestyra vedta planprogram.

– Då er det endeleg avgjort, og vi kan begynna med reguleringsplanar, seier Sjo Slettebø.

– Kva skal til for at Sævarhagen–Klosterneset ikkje blir valt no?

– Prosessen er ikkje ferdig enno. Politiske representantar skal bestemma kva som er mest fornuftig. Det kan alltid dukka opp ting som gjer at det ikkje let seg gjera, seier ordføraren.

– Fryktar du motstanden er for stor for å få til noko i Sævarhagsvikjo?

– Valevågen er med som eit alternativ, og er om lag like kort. Ein må alltid belaga seg på motstand rundt nye samferdsleprosjekt, seier Slettebø.

– Kan Statens vegvesen sin rapport for Toftebrekko bli avgjerande for at ferja skal halda fram å gå frå Halsnøy?

– Nei. Statens vegvesen er tydelege på at Toftebrekko må løysast uansett.

– Dette har vore diskutert sidan Halsnøytunnelen stod ferdig. Er du optimistisk på å landa ei endeleg løysing no?

– Eg trur dette skal gå i orden. Denne gongen har vi gått saman med Stord og blitt einige om ei tilråding. Eg hadde ikkje brukt tid på dette om eg ikkje trudde det ville føra fram. Det har vore ei vanskeleg sak, men no er vi komne eit godt stykke vidare. Vi gjekk inn med opne sinn. Eg er glad det ligg ei fagleg tilråding frå ein nøytral part til grunn, men eg er overraska over at den blei så klar.

– Er du sikker på at Sævarhagen–Klosterneset er det beste alternativet for framtida når ein enno ikkje veit korleis E39 blir?

– Kort samband frå Halsnøy til Leirvik-området er det beste alternativet ifølgje rapporten, som legg til grunn at Hordfast kjem. Rapporten meiner det er beste måten å kopla seg på E39. Stord blir eit vegkryss for oss kvinnheringar, anten vi skal sør eller nord. Reisetida Husnes–Bergen blir 82 minutt. Det er ein revolusjon samanlikna med i dag. Kortare skal det godt gjerast å få det, seier ordføraren.

Totalt består arbeidsgruppa av 15 personar frå Kvinnherad kommune, Stord kommune og Hordaland Fylkeskommune.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags