Ny rapport: Anbefaler tre alternativ

Skjermdump frå silingsrapporten.

Skjermdump frå silingsrapporten.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Måndag blei sivilingeniør Helge Hopen sin silingsrapport på vegner av samarbeidsgruppa mellom fylket og Kvinnherad og Stord lagt ut. Rapporten anbefaler å gå vidare med to alternativ som begge tilrår utbygging av ferjestø ved Sævarhagen på Stord.

Eitt alternativ er ferje mellom Sævarhagen og Klosterneset på Halsnøy. Det andre mellom Sævarhagen og Bjellandsøya utanfor Sunde.

Ein overfart mellom Sævarhagen og Klosterneset vil ta 18 minuttar. Frå Sævarhagen til fastlandet vil ferja bruka 27 minuttar. Total reisetid mellom Leirvik og Husnes vil vera på 48 minuttar ved begge desse alternativa, nær ein halvtime raskare enn dagens løysing.

Ved begge alternativa vert det lagt opp til ferjeavgangar kvar halvtime, men sivilingeniøren meiner det kan opnast for avgangar til Klosterneset kvart 20. minutt.

Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) er del av referansegruppa som skal koma fram til eitt alternativ.

– I møtet i referansegruppa på fredag vart det bestemt å gå vidare med tre konsept, i tillegg til dagens løysing. To av konsepta medfører nytt ferjestø i Leirvik-området. Sævarhagen er her eit alternativ, men det kan også vera snakk om andre. I tillegg skal Jektevik–Sunde med i den vidare prosessen, seier ordføraren til Stord 24, som er heilt klar på at det er uaktuelt å bygga nytt ferjestø i urørt strandsone på Stord.

Referansegruppa, der Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H), Hilde Enstad (Ap) og Otto Benjaminson (KrF) er med, tek sikte på å koma fram til eitt alternativ til våren, og at dette skal bli handsama av kommunestyra i Stord og Kvinnherad i løpet av april eller mai.

Rapporten kan ein lesa her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags