Kritiserer silingsrapporten: – Vil bety forseinking av ei framtidsretta løysing for Kvinnherad

– Konsentrer økonomi- og planressursar til det framtidige målet om kort reisetid til E39 og Bergen, meiner
Hege Lægreid Røssland. (Arkivfoto).

– Konsentrer økonomi- og planressursar til det framtidige målet om kort reisetid til E39 og Bergen, meiner Hege Lægreid Røssland. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

SV meiner det ikkje nyttar å berre styra etter målet om kortast mogleg overfartstid, når ein no skal prøva få til nytt Kvinnherad–Stord-samband.

DEL

Tidleg i april skal arbeidsgruppa koma med si tilråding til kva som bør bli nytt ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord. Saka skal seinare handsamast i dei to kommunestyra.

– Ein må først og fremst ha fokus på «gjennomførbarhet». Det nyttar ikkje å berre styra etter målet om kortast mogleg overfartstid, når det ikkje lar seg realisera med omsyn til meir overordna mål som blant anna økonomi, natur- og kulturverdiar, verdfull matjord og busetnad. Nasjonale interesser og nasjonale myndigheiter kan stoppa den prioriterte løysinga Klosterneset–Sævarhagen fordi ein ikkje oppnår delmål tre og fire, seier gruppeleiar i SV, Hege Lægreid Røssland, til Kvinnheringen.

Konsulentselskapet Helge Hopen AS kom nyleg med ein fersk rapport der Klosterneset–Sævarhagen kjem best ut. Sambandet scorar best på delmål éin, som er det viktigaste: Å betra kommunikasjonen mellom Kvinnherad og Stord. Delmål tre og fire avgrensar kostnader for det offentlege og trafikantar og sikrar gjennomføringsevne. I tillegg til å avgrensa arealkonfliktar og negative konsekvensar for miljø og trafikktryggleik, påpeikar Lægreid Røssland.

– Tenk framtidsretta

– Rapporten viser til utfordringar ved K2 og K3, som har rute frå Sævarhagen til Klosterneset eller Sunde, og det er den store feilen ved konklusjonen i rapporten. Den delen har for låg vekt. Om ein vel Klosterneset–Sævarhagen vil det bety forseinking av ei framtidsretta kommunikasjonsløysing for Kvinnherad. Det vert mykje motstand, omkamp og sløsing av ressursar, seier Lægreid Røssland, og held fram:

– Lytt til ungdomen! Dei ønskjer seg kommunikasjon som ikkje berre betrar reisetida Stord–Kvinnherad, men Kvinnherad knytt til ein større region med Bergen som regionshovudstad. Me må tenka framtidsretta: Sunnhordalandsdiagonalen kan verta realisert om ikkje altfor lenge om ein vel å byrja planlegging av denne straks. E39 er på veg til å verta realisert med bru over til Tysnes. Konsentrer økonomi- og planressursar til det framtidige målet om kort reisetid til E39 og Bergen. I mellomtida kan ein nytta Sunde–Jektevik når Halsnøytunnellen er betalt om få år, påpeikar Røssland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags