Utolmodige Husnes Vekst

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL


I Husnes Vekst sin uttale til planprogram for regionsenteret Husnes, skriv dei at det er gått fire år sidan fylkestinget peika ut Husnes som nytt regionsenter, og at det no er på høg tid å prioritera dei viktigaste problemstillingane og moglegheitene som Kvinnherad og Husnes har.

I uttalen stiller Husnes Vekst-styret spørsmål ved korleis ein kan sikra effektiv kommunikasjon mellom regionsenteret (Husnes) og Stord, Bergen, Stavanger og Oslo. Dei kjem samtidig med konkrete tiltak:

  • Så snart som mogeleg få realisert ferjefritt vegsamband (Kvifast/Sunnfast) mellom Kvinnherad, Tysnes og Stord til E39 vidare mot Bergen/Haugesund/Stavanger
  • Starta planlegging av veg mellom rundkøyringa i Podlen til Bjellandsneset
  • Auka frekvens i snøggbåtsambandet til/frå Stord og Flesland/Bergen
  • Koordinering av flyruter på Stord lufthamn med snøggbåt og flybuss

Dei føreslår òg at formannskapet opprettar ei frittståande prosjektgruppe med medlemer frå næringslivet i regionen, og med Kvinnherad Næringsservice som sekretariat, som skal greia ut og koma med konkrete forslag og innspel til ei rekke sentrale tema, blant anna samferdsle, heiter det i uttalen som kom i slutten av august.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags