Innstilte ferjer i sambandet Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes

Fjord 1 har hatt utfordringar i Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes-sambandet søndag. På grunn av innstillingar valde fleire å køyra til Tørvikbygd for å komma seg heim. Foto: Trude Aarsand.

Fjord 1 har hatt utfordringar i Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes-sambandet søndag. På grunn av innstillingar valde fleire å køyra til Tørvikbygd for å komma seg heim. Foto: Trude Aarsand.

DEL


OPPDATERT: 15.00 søndag opplyser Fjord 1 om at rute 2 skal tilbake i drift. Ferja går frå Gjermundshamn kl. 15.00 og ca. kl. 15.15 frå Varaldsøy. Anløp Årsnes går ut, står det. Kl. 15.40 opplyser selskapet at dei tar opp rute 1 i sambandet. Vidare drift i sambandet blir fortløpande vurdert utifrå vêrforholda.

Siste melding kom kl. 16.36, om at det er ordinær drift i sambandet igjen.

Reisande som Kvinnheringen har vore i kontakt med, har enten måtta belaga seg på lang ventetid, eller snu for å ta ferja frå Tørvikbygd til Jondal.

Søndag morgon blei Varaldsøy igjen isolert på grunn av innstilte ferjer i sambandet Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes.

Klokka 08.16 søndag morgon melde Fjord 1 at rute 1 var innstilt på grunn av tekniske problem, og at rute 2 var innstilt på grunn av vêrforholda.

Les også: Stor snøskredfare i Hardanger og på Voss

Ein lesar fortel til Kvinnheringen at han fekk opplyst at MF «Solskjel», som går i rute 2, og er den einaste som går innom Varaldsøy, låg fast ved kaien på Årsnes på grunn av motorfeil, og at MF «Gulen» derfor blei innstilt fordi den ikkje kunne leggja til kaien.

Rundt klokka 12 melde Fjord 1 at MF «Lærdal» skulle gå inn i rute 2 frå Gjermundshamn klokka 13.20, og gå innom Varaldsøy på vegen med anløp ca. klokka 12.30.

Klokka 12.44 kom det melding om at rute 1 var innstilt på grunn av vêrforholda. Og klokka 14.08 skreiv selskapet at begge ferjene i sambandet var innstilt inntil vidare på grunn av vêret.

Les også: Uvær fører til stengte veier, kansellerte ferger og isolering (+)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags